FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Kven er Olav H. Hauge?

Dato
17.10
Stad
Landmark, Bergen
Tid
19:00
Ordstyrar
Tormod Haugland

Ruth Lillegraven, Geir Pollen, Øyvind Rimbereid og Einar Økland held korte innlegg med utgangspunkt i sine bidrag til boka Tid å hausta inn. 31 forfattarar om Olav H. Hauge, (Det Norske Samlaget 2008). Etter innlegga vert det samtale.

Olav H. Hauge er kjend som diktaren frå Ulvik, født i 1908 og død i 1994. Han gav i si levetid ut sju diktsamlingar med i alt ca. 450 dikt, pluss ei rekkje omsette dikt frå engelsk, fransk og tysk. Men

ettertida har også gjort han til prosaist ved å gje ut dagbøkene hans, ca. 3500 sider. Der skriv Hauge: «Eg orkar ikkje lesa gjenom lange dumme romanar for å finna nokre fåe linjor med poesi og ekte kjensle; eg gjeng til versemeisterar, dei hev halde att poesien og skore burt resten» (Dagbok I, s. 224). Ein annan stad skriv han: «Kvifor les du? Er det fordi slabbedasken i deg skal ha ei hugnadstund eller fordi du leitar etter næring åt det høgre menneske i deg?» (Dagbok II, s. 29).

Hauge fekk ikkje sjølv avgjere om dagbøkene skulle publiserast og dermed verte lang og uskoren prosa for både slabbedaskar og andre. Uansett har denne utvidinga av forfattarskapen gjeve stoff til å påverke lesnaden av den, med sine tillegg og kontrastar. Innlegga og samtalen etterpå er eit forsøk på å få fram viktige sider ved Hauge som person og forfattar.

Arrangerast av Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Foto:
1: Olav H. Hauge (Jens M. Haukaas)

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007