FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Geirr tveitt ved pianoet i bjødnabrakane. kledd opp til foto for eit konsertprogram (copyright: gyri tveitt)

Geirr Tveitt - Den korte historia

 

TVEITT, Geirr, 1908-1981, komponist, pianist og musikkteoretikar. Fødd 19.10.1908 i Bergen og døypt Nils. I 1935 endra han namnet til Geirr. Død 1.2.1981 i Oslo. Gravlagt på Vikøy kyrkjegard, Kvam, Hardanger.

av Reidar Storaas

I guten sine fyrste fire leveår budde huslyden Tveit i Bergen, deretter eit år på Lofthus. Seinare var faren i ni år styrar på Danvik kristelige ungdomsskole. I Drammen fekk Geirr alle sine folkeskuleår, men alt frå barndomen var han sterkt knytt til si slekt i Hardanger og landskapet der. I Hardanger var dei i alle feriar. I 1941 busette Geirr Tveitt seg fast på ættegarden Tveit i Norheimsund Der bygde han komponistheimen Bjødnabrakane i lia 230 moh og budde her i mange år til han reiste eit nytt bustadhus på garden. Sine siste femten år var Geirr Tveitt busett i Oslo.

Han vaks opp i ein kyrkjekristen, kulturopen heim med rik tilgang på bøker, bilete og musikk. Heimskringla og Edda vart han fortruleg med i gutedagane, til liks med dei nynorske diktarane. Slike litterære kjelder bar han med seg inn i toneverkstaden der ein frodig fantasi transformerte impulsane til musikalsk dikting.

Gymnastida på Voss (1924-28) og norskdomsmiljøet der gav sterke stimuli, ikkje minst nærkontakt med hardingfela. Tilråding frå Christian Sinding opna vegen til det tradisjonsrike konservatoriet i Leipzig. Utan formell musikkopplæring i ryggen gav han seg i kast med eit fire års studium i klaverspel og komposisjon. Ein hard skule, men eleven viste trott og kunne tidleg prova sitt talent. Komponistdebuten i april 1931 med Klaverkonsert i F framført av Leipzig symfoniorkester, hausta lovord i tysk presse og verket vart framført også i Bergen og Oslo. I 1930 gav Breitkopf & Härtel ut 12 tvorøystes fyristudiar. Dei sto på programmet ved GTs første konsert i Noreg 2.3.1934. I mellomtida hadde Tveitt fullført studietida med opphald i Paris og i Wien. Med planar for ein heilkvelds ballett kom han heim og utvikla Baldurs draumar, bygt på Edda-dikting. Den norrøne idèverda, eit mytisk landskap av segn og soge, løyste ut eit stort tenkt verk i moderne tonespråk med primitiv tematikk, påverka av m.a. Stravinskijs Vårofferet. Ein klaverversjon med soli vart framført i Leipzig og Berlin, Oslo og Bergen 1935. Geirr Tveitt dirigerte uroppføringa av orkesterversjonen i Oslo 1938, eit avgjerande gjennombrot for toneskalden. Som fragment kom Baldurs draumar opp også i København og som orkestersuite i Paris. 

Midt på 30-talet og i krigsåra samla Geirr Tveitt folketonar frå munnlege kjelder i Hardanger-bygdene. Frå eit tilfang på over tusen tonar arrangerte han femti for klaver. I samlinga Hundrad hardingtonar for orkester finst fire suitar med i alt 60 nummer, ein del av dei komponistens eigne ”folketonar”. Friskt melodistoff, meisterleg instrumental karakterisering og rik stemningsfylde plasserer Geirr Tveitts tilskiping av folketonar frå Hardanger mellom dei fremste norske musikkverk, det gjeld både klaverutgåva opus 150 og orkesterversjonen opus 151.

Geirr Tveitt var oppteken av den gamle asatrua knytt til germansk heidendom og raseidear som var sterkt framme i samfunnsdebatten i 20-30-åra. I Oslo knytte han seg til miljøet kring det nasjonalsosialistiske tidsskriftet Ragnarok, som i opposisjon til Quisling og NS arbeidde for ei omforming av det norske samfunnet på rasetankens grunn. Tveitt vart Statens musikkonsulent 1940-42, ekskludert av Norsk Komponistforening 1945 for påstått unasjonal holdning, men teken inn att som fullverdig medlem 1946. Geirr Tveitt var aldri medlem av NS. Ei granskingsnemnd leia av lagmann Erik Solem "beklaget" at Tveitt tok i mot kunstnarløn og statsstipend under okkupasjonen, men fastslo at han med alle tilgjengelege midlar hadde motarbeidd nazifiseringstiltak og vore til hjelp for den nasjonale front. Statens kunstnarløn fekk Geirr Tveitt frå 1958. 

Som utøvar var Geirr Tveitt ein virtuos i tradisjonen etter komponist-pianistar som Rachmaninov og Prokofiev. Røynsle med praktisk-pianistiske problem eggja fantasien og han tøygde grensene for kva klangfargar ein kan lokka ut or eit klaver, slik den visjonære sonate nr. 29 Sonata etere, etyden Eolsharpa og Solgudens dans er døme på.

På 50- og fyrste halvdel av 60-talet skreiv han solokonsertar for klaver, for hardingfele og for harpe, ein symfoni og opera. Tidleg i 60-åra fekk han fast avtale med NRK der han laga ein serie sereigne diktarportrett med nyskapt musikk. Mellom eit par hundre songar til tekst av norske lyrikarar finst slike perler som Vi skal ikkje sova bort sumarnatta (Låstad Lygre) og So rodde dei fjordan (Vaa). Med desse ytte Geirr Tveitt viktige tilskot til den norske vise- og songskatten. Eit sterkt humoristisk drag i hans personlegdom har gitt seg utslag i ei rekkje hardingtonar og ikkje minst i Jakob Sande-viser som Hestehandlarar og Drama.

Geirr Tveitt var ein uvanleg fascinerande personlegdom med sterke indre motsetnader. Sitt omskifteleg temperament hadde han vanskeleg for å temja. Mildskap og varme kunne brått svinga over i ofse. Han var sta som få. Ein grenselaus fantasi gav seg utslag i kåte kast i språk og gjerning, slik det også speglar seg att i hans musikk. Geirr Tveitt var den mest fargerike musikkskaparen i sin generasjon – og truleg den mest produktive. 

Ein botnlaus tragedie råka kunstnaren då bustadhuset i Norheimsund, der dei fleste originalnotane hans låg samla, brann ned til grunnen i 1970. Jamvel om lauselden sterkt desimerte opuslista, står det likevel att ein lang verkkatalog frå ein markant og original kunstnarskap. Etter 1981 har familien med støtte frå offentlege og private kjelder gjort eit omfattande arbeid med å setja i stand brannskadde og på anna vis skamfarne verk, til dels rekonstruert i partitur etter gamle lydbandopptak. Aukande framføringsfrekvens og mange globalt distribuerte plateinnspelingar har gjort Geirr Tveitt til eit kjent namn i internasjonalt musikkmiljø.

Foto

1. Geirr Tveitt ved pianoet i Bjødnabrakane. Kledd opp til foto for eit konsertprogram (Foto: Kvam Herad / Alfred Vikør / Familien Tveitt)

2. Geirr Tveitt 6 år gamal. Utsnitt frå større bilete (Foto: Familien Tveitt)

3. Geirr Tveitt ved pianoet. (Foto: Familien Tveitt)

© Reaktor 2007