FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Hauge i salmeboka

 

Tre tonesette Hauge-dikt er med i det nye salmebokforslaget for Den norske kyrkja, som i tida framover skal prøvesyngjast i meinighetane rundt i landet. Den endelege Salmeboka skal liggja føre i 2010.

Dei tre representerte Hauge-dikta er «Alltid ventar eg å finna», «Det er den draumen me ber på» og «Bøn». Sistnemnde dikt har i salmeboka fengje namnet «Opn mine augo, Herre».

 

Dikta

Alltid ventar eg å finna

Alltid ventar eg å finna
noko som gjev livet verd,
noko som er verdt å vinna,
som kan lyfta meg og tvinna
stål i viljen, stø mi herd.

Løysa meg frå tvils forbanning
so eg audmjuk bøygjer kne
for ei evig livsens sanning
som kan gje meg rettvis kanning,
mål å gå mot, tru og fred.

Sæl er den som sterkt er dregen
og ser Herrens finger skriv.
Orm vert stav og logeslegen
busk vert grøn att. Leit deg vegen
fyrr den stutte dagen sviv!


Det er den draumen me ber på

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.




Bøn / Opn mine augo, Herre

Nysnøen legg si kåpe
yver den svarte tind.
Natthimmelen opnar skåpet
tusund av blånar inn.
Vintersnaud bjørki loggar,
spirone bryt or mold.
Mognande klårhaust voggar
åkrar, tunge av foll.

Opn mine augo, Herre,
so eg kan betre sjå
underet, ikkje berre
avglansen utanpå.
Fyll til den siste kvelden
hjarta med song og sut,
anden og altarelden
loge i einskap ut!



Les meir om salmeboka her.
Bilete: Olav H. Hauge

 

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007