FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Debatt om Tveitt/Hamsun-seminaret 8. desember

 

Emberland i Offerrolla
Terje Emberland tek i innlegget sitt 21.12. ein rolegare tone enn tidlegare. Ein må sjå det som eit framsteg at han unngår å repetera slike feilaktige påstandar som at Geirr Tveitt "arbeidet" i Kringkastinga under okkupasjonen (doktoravhandlinga 2003) og at Baldurs draumar er eit propagandistisk stykke musikk (Humanist).

av Reidar Storaas, forfattar av biografien om Geirr Tveitt. Innlegget ble trykket for første gang i Aftenposten 30.12.08.

Overraskande inntek forskaren no offerrolla: han er «budbringeren» som uskuldig er komen i skotlinja (Aftenposten 21.12.). Dette dristar han seg til å hevda trass i at han sjølv stadig går i front, jamfør det famøse oppslaget i Aftenposten 6.12.

Siste innlegg berre understrekar hans motivasjon for seminaret i Litteraturhuset, eit omhyggeleg planlagt arrangement der mål og meining var å setja Tveitt i bås med SS-toppar og med den i all tid diskrediterte Hamsun. Dette tillet arrangøren seg trass i at diktar og tonediktar ingen ting hadde med kvarandre å gjera og dei fylgde svært ulike kulturstraumar. Ein skulle tru dagleg leiar for Hauge-Tveitt-stiftimga kunne finna meir nærliggjande tiltak å bruka sine avgrensa midlar på enn å byggja plattform for Emberlands kampsak. Openberrt var hans bombastiske innlegg på seminaret eit sentralt utgangspunkt. Foredragshaldaren breidde seg ved å gå tjue minuttar over taletid utan å bli avbroten, i hovudsak eit oppattak av hans velkjende standpunkt med lite nytt. Eg held fast ved at dette var ein uverdig finale for Geirr Tveitts jubileumsår, elles strålande på mange vis.

To konkretiseringar: Om krinsen kring Hans S. Jacobsen i 1938 eller deromkring har spunne tankar om ulike saker (tankespinn), gjer Emberland eit nummer av slikt og gjer det til bevis for realitetar. Så langt ser vi ikkje snurten av den påståtte songboka eller Ragnarok-musikken. Dette er slumsete omgang med fakta. 

For det andre: Det er ingen løyndom at Geirr Tveitt i sine studieår i Tyskland var begeistra for Hitler. Han vedgjekk det ope, i intervju så seint som 1970-åra. Nota bene: det var eit syn han seinare tok sterk avstand frå. Om tyske propagandafolk ynskte å utnytta ein kunstnar som Tveitt, er éin ting. Men det er heilt underordna ei anna spørsmålsstilling: let Tveitt seg bruka? Vi kjenner svaret, det er nei. Tveitt var ikkje til sals. Tveitt fylgde si eiga linje i motstand så langt råd mot dei nazifiseringsforsøk Statens musikkonsulent fekk å gjera med. Nyansane bryr  Emberland seg ikkje om å klarleggja. I sin omgang med denne kjenslige saka er han einsidig og nyanselaus. Slik desinformasjon er til skade for Geirr Tveitts ettermæle. 

Foto

1. Geirr Tveitt (Kvam herad, Alfred Reisæther)
2. Reidar Storaas (Det Norske Samlaget)

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007