FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Griegakademiet (Foto: Paul Sigve Amundsen)
Konferanse om Olav H. Hauge og Geirr Tveitt

UiB
Griegakademiet
11.-12. februar

Konferanse
Førelesingar
Konsertar

Last ned program

- Musikk og lyrikk frå Hardanger til Europa

Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte i 1946 og sidan gjennombrotet på 60-talet har han blitt sett på som ein av dei leiande lyrikarane i Noreg. Diktinga hans knyter an til norsk tradisjon, samtidig som han går i ein nær dialog med ei rekke europeiske klassikarar. I tillegg til den lyriske forfattarskapen, som bitt saman romantiske og modernistiske impulsar, er Hauge beundra for sine kresne omsetjingar av utanlandsk lyrikk, og for dagbøkene sine som gir eit unikt innblikk både i norsk kulturliv og i eit intenst diktarunivers. Seminaret vil gi ei breid oversikt over virket hans.

Komponisten Geirr Tveitt (1908-81) er ein av Noregs vesentlegaste og mest originale komponistar med ei verkliste som omfattar ei rekke store orkesterverk, operaer, songar og klaververk. Verka hans einar impulsar frå norsk folkemusikk og moderne europeiske straumar, særlig fransk impresjonisme. Tveitt er meir enn nokon gong blitt aktualisert gjennom ei rekke rekonstruerte verk, CD-innspelingar av leiande plateselskap som BIS, NAXOS og SIMAX og ein fornya debatt om hans nasjonale engasjement. Utøvarar, musikkvitarar og forfattarar vil gi innblikk i Tveitt sine verk og virke.

Seminaret blir halde i Gunnar Sævigs sal, Griegakademiet, Universitetet i Bergen.

Påmelding: bjorn.halvorsen (at) grieg.uib.no


PROGRAM

Måndag 11. februar

10.00
Hardingtonar fremført av Annabel Guaita, piano. Njål Sparbo og Einar Røttingen fremfører sanger av Tveitt til tekst av Hauge.

10.05
Opning ved dekan Gunnstein Akselberg og dagleg leiar i Hauge/Tveitt 2008 Kristin Helle-Valle

Tveitt

10.15
Reidar Storaas, biograf: Geirr Tveitt mellom triumf og tragedie

11.15
Kort pause

11.30
Geir Botnen, pianist: Femti folkatonar frå Hardanger

12.00
Øyvind Norheim, Nasjonalbiblioteket/Norsk musikksamling: Konstruksjon eller rekonstruksjon? ”Baldurs Draumar” og verkbegrepets relevans

12.30
Gyri Tveitt: Om Baldurs Draumar

12.45
Lunsj

Hauge

13.30
Pianostudentene ved Griegakademiet fremfører pianomusikk av Tveitt

13.35
Idar Stegane, prof. emeritus, Universitetet i Bergen:
Olav H. Hauge og forholdet hans til musikk

14.30
Staffan Söderblom, professor i Litterär gestaltning, Göteborgs universitet: ”Gullhanen”, ännu en gång

15.00
Pause

15.30
Ingrid Nielsen, førsteamanuensis i allmenn litteraturvitenskap og Sissel Lægreid, professor i germanistikk, Universitetet i Bergen: Hauges Ulvik - en europeisk hage? Om gjendiktningen i Hauges forfatterskap

16.00
Hadle Oftedal Andersen, universitetslektor i norsk ved Helsingfors universitet: Friedrich Nietzsches filosofi: Ein beinveg til Olav H. Hauges "Seint rodnar skog i djuvet" og ein omveg til Geirr Tveitts musikk?

18.00   
Konsert og diktlesing i Gunnar Sævigs sal

20.00   
Festmiddag 

Tysdag 12. februar 

Tveitt 

10.00
Sanger av G. Tveitt til tekst av O. H. Hauge Njål Sparbo, sang, Einar Røttingen, piano

10.15
(Hallgjerd Aksnes utgår)
Håvard Enge, stipendiat, musikkvitenskap, Universitetet i Oslo: Gåtefull enkelhet. Om Tveitts tonesetting av Hauge.

10.45
Njål Sparbo, sanger: En utøvers blikk på Geirr Tveitts sanger

11.15   
Pause

11.30   
Arvid Vollsnes, professor i musikkvitenskap, Universitetet i Oslo: Fra visesang til orkesterklang - Geirr Tveitts hardingtonar

12.00   
Einar Røttingen, pianist/professor ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen: Tematikk og symbolikk i Geirr Tveitts sonate nr. 29 op. 129 ’etere’

12.30   
Lunsj

Hauge

13.30
Pianostudentene ved Griegakademiet fremfører pianomusikk av Tveitt

13.35   
Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda: Nasjonalisme og modernisme hos Hauge og Tveitt

14.00   
Atle Kittang, professor i allmenn litteraturvitenskap, Universitetet i Bergen: Olav H. Hauge og verdslyrikken

14.30   
Pause

15.00   
Ole Karlsen, professor ved Universitetet i Tromsø:
Olav H. Hauge og bildekunsten

15.30   
Christine Hamm, førsteamanuensis i nordisk litteratur, Universitetet i Bergen: Hauge om menn

16.00   
Vel heim!

 

Foto
1. Griegakademiet. Utsnitt frå større foto. (Foto: Paul Sigve Amundsen)

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007