FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

halmpiste - jugla

H

halmpiste, f. (Dei likar ikkje fløytor heller, spelar helst på halmpistor, «Brev 1970-1975» 1996, s. 31-32; Ross 1895 pista, f. i tydingi liti fløyte eller pipe, frå Nord-Gudbrandsdalen; jamfør pista, v. Aasen 1873 i tyding 1 pipa, kvina, gjeva ein veik lyd, vanl. i fleire målf.).

hega, adv. (og vind ber hega gamle sprokne salmar, «Glør –» s. 31, fotnote s. 33 med tydingi hit; Og veslegut han dreg hega katten, same boki s. 52; Aasen 1873 hegat frå Ryfylke, Hardanger og Nordhordland; vanl. hjå alle vaksne folk i Ulvik; etter mi utspørjing hausten 1995).

hegd, f. (med hegd og hov, «Sogns Tidend» 20. jan. 1933, s. 1; Aasen 1873 hegd f. 1 i tydingi sparsemd, måtehald).

hegi, adv. (Eg gjekk meg hegi Hella / og sola skein so blid, «Gula Tidend» 10. mai 1939, s. 4; som eit auga svart og blankt / urlar kjelda hegi brotet, «For bygd og by» 1941, Nr. 9, Andre umslagssida; ofte nytta i «Glør –», t.d. hegi lid, s. 21, hegi svarte gjøttor s. 21, Hegi eiki, s. 45 hegi blånen, s.92; òg i «Dikt i saml.» 1993, s. 46: hegi halli; tydingi er hit i; jamfør hega framanfor).

heilast, v. (og seint heilast / slitet i hugen, «Under b.» s. 60; Aasen 1873 heila, v. i tydingi gjera heilt; lækja. «(Sjelden)», skriv Aasen, men Nynorskordboka 1986 har ikkje nokor slik utmerking på III heile, v.; refleksivformi heilast vil då tyda verta heil eller heilt; verta lækt).

hela, v. (notti kom med hela bø, her perf. part., «Under b.» s. 43; Aasen 1873 i tydingi leggja seg rim, frysa til med rim, hele; til hela, f.; formi hela er bytt ut med helut, adj. alt i «Dikt i utval» 1964, s.86, og sameleis i «Dikt i saml.» 1992, s. 90).

heldjuv, n. (vrid seg som elvi / i heldjuv, «Seint r.–» s. 22; sjå Aasen 1873 djuv, no juv, i tydingi djupt søkk i jordi, eller i berg; rivne i berg, djupt gjel; i formi dju frå Hardanger òg; her forsterkande med førestavingi hel-, f. som me finn i mange sms.).

heldrar, m. flt. sjå heller, m.

hele, f. (Kva er dette, spurde ho, / og på hela peika, «Under b.» s. 43, dikttittel òg; Aasen 1873 hela i tydingi rim, rimfrost).

hell, adv. sjå heller, adv.

heller, m. skrive heldrar, m. flt. i eit dikt på målf. (å heve å heldrar goe, «Glør –» s. 85; Aasen 1873 hellar, i tydingi berghole, gøymestad under eit berg; Ross 1895 har til dels flt. «Hildrar» frå Sunnhordland og Ryfylke).

heller, adv., skrive hell (ei hell onnor hand i myrkret fata, «For Bygd og By» 1932, s. 396, i eit omsett dikt; Han [profeten] kjem som prins hell tiggar / i gull hell fillor klædd, «For bygd og by» 1942, Nr. 8, s. 1; Aasen 1873 helder, med fleire målf.-former; tydingi her er eller).

-helme, f. sjå maishelme.

helorar, f. flt. (I heloro streid ho, eigenleg dativ flt., «Glør –» s. 65; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi sanseløyse, ørske).

helut, adj. (natti / kom med helut bø, «Dikt i utval» 1964, s. 86; sjå hela, v. ovanfor).

herd, f. (med krossar på herd, «Glør –» s. 50; Aasen 1873 i tydingi aksel, skulder, mest brukt i flt.).

herdig, adj. (Eg er ein herdig klunger på den myrke himmelen, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 150; Aasen 1873 og Ross 1985 tyding 1 hardfør, som toler mykje, uthaldande).

heve, n. sjå hæve.

himen, adj. (Og attum Sotenuten svart og himen, «Hjeltnes» 1941, s. 3; Aasen 1873 i tydingi uklår, med stadtilvisingar på himutt).

himling, (der er ikkje botn, der er ikkje / himling, «Dikt i umsetj.» s. 108; Aasen 1873 tyding 1 kvelving, bogeforma loft).

hiren, adj. (orekjerri er lurvute / og hirne av rim, «Dropar –» s. 40; Aasen 1873 i tydingi slapp, døsig; ikkje opplagd; her nytta om kjerr).

hitta, v. (Me hitta heim i Hella / frå me var øresmå, «Gula Tidend» 10. mai 1939, s. 4; Aasen 1873 i tydingi finna, treffa; vanl. i sørvestlandsk, t.d. i Indre Sogn: het2ta6 vE±1g3n, het2ta6 haim1a6tt3).

hjula, v. (steig flokken brått / og hjula spreidd i stor broten ring, «Utanlandske dikt» 1967, s. 35, «Dikt i saml.» 1972, s. 279 og «Dikt i umsetj.» 1992, s. 37; Aasen 1873 i tydingi skjera til som ein boge eller halvsirkel, men her må vel tydingi heller vera gå rundt, trilla som eit hjul).

-hogga, v. sjå vindhogga.

hol, adj. (Samson ligg på marki med sitt hole hår, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 140; Aasen 1873 tyding 1 som har tomrom innvendig, men her serleg tyding 2 innsokken; uthola, utdjupa).

holka, v. (og løynde si skam / i skrinet, og med vidjor det holka, «Glør –» s. 62; Aasen 1873 med tydingi setja holk, ring på, t.d. skaft).

hopa, v. (so vindkrøkt og frostvåt stuv / attende på svadi hopar, «På Ørnet.-» s. 25; Aasen 1873 tyding 1 trekkja seg attende, vika).

horg, f. (Myrk yver heid og horg / skogen i vemod stend, «For bygd og by» Jol 1941, s. 44, ospi skjelv på horg, same kjelda s. 46; Aasen 1873 horg, f. 2 og Ross 1895; tydingi er bergknaus, fjelltopp, helst med bratte sidor og flat topp; jamfør vendingi «Han sprang yve Høug aa Horg» frå Kvam og Ullensvang i Hardanger, hjå Ross).

hota, v. (Møt ikkje med: / – hotande hand, «Seint r.–» s. 33; Aasen 1873 i tydingi truga, hytta, serleg med neven).

hov, n. (med hegd og hov, «Sogns Tidend» 20. jan. 1933, s. 1; Aasen 1873 tyding 2 måtehald, måte).

hulla, v. (sit eg ved elden / og hullar min song, «Dropar –» s. 60; Aasen 1873 i tydingi syngja ein song, ein tone utan ord; tralla; frå Nord-Gudbrandsdalen, sers vanl. der).

hummel, m. (kiselflak / i regnvaska hummel, «Glør –» s. 39; fotnote s. 41 med tydingi nevestor stein; Aasen 1873, serleg om småe rundvorne steinar)

-hydd, adj. sjå regnhydd.

hylja, v. (Eg er hyld i mitt glade kjøt / som graset er hylt i sine grøne skyer, «Dikt i umsetj.» 1992, s.126; Aasen 1873 i tydingi sveipa, løyna, gøyma).

-hærd, adj. sjå stridhærd.

hæve, n., skrive heve (å heve å heldrar goe, «Glør –» s. 85, i eit dikt på målf., fotnote s. 86 med tydingi ly for veret; Ross 1895, frå Ullensvang i Hardanger i tydingi ly, livd (for ver og vind) i utmarki, t.d. hytte, berghole; òg i Sunnhordland (Etne) og Ryfylke; ordet er kjent i Suldal, etter Sigurd Sandvik «Suldalsmålet» 1991, s. 135).

høkra, v. (Å høkra ut visdom / frå Bibelen og Talmud, «Dropar –» s. 29; Nynorskordboka 1986 høkre med tydingi driva småhandel).

-høvd, adj. sjå visshøvd.

håd, n., skrive hád (Um hád og spátt du fær, / so seg [sei] dei kven dei er, «Gula Tidend» 20. jan. 1933, s. 5; Aasen 1873 i tydingi spott, hæding).

I

ida, v. (Som eit auga, svart og blankt / idar kjelda under brotet, «Glør –» s. 29, Vatn klunkar under is, / idar i svell-, same boki s. 48, fotnote med tydingi siklar s. 49; Aasen 1873 tyding 1 kvervla, strøyma i ring eller boge).

idka, v. (Det –, idkar med å løyna glyvre / og glòp, «På Ørnet.-» s. 21, fotnote med tydingi vera flittig s. 22; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi arbeida, vera trottig).

idna, v. (Folk idna med vinna, «Seint r.–» s. 25; Ross 1895, frå Sunnmøre, i tydingi vera i samanhangande, lik verksemd; arbeida trottig).

igul, adj. (og igul mo, «Seint r.–» s. 57; Aasen 1873 i tydingi gulvoren).

illbyste, n. (det [om finntoppen] var eit illbyste / det ikkje beit ljå på, «Festskrift til Knut Horvei på 90 års dagen» 1983, s. 25; brigda til han er – / – bit i «Dikt i saml.» 1993, s. 165; Aasen 1873 med tydingi hissig, brå illsinna skapning; her om finntoppen).

illkynd, adj. (med grønglim i illkyndt auga, «Dikt i utval» 1964, s. 134 og «Dikt i saml.» 1993, s. 176; Aasen 1873 illkyndt i tydingi vond av natur, hissig, snøggsint, frå Hallingdal).

ilsken, adj. (Elvi – renn ilski millom steinane, «Dropar –» s. 40; Aasen 1873 illsken, Ross 1895 frå Voss, Hardanger og Sunnhordland òg, i tydingi bråsinna, hissig; gretten).

ir, m. (Det er ir i alt no: – / det er ir / i alt ein tek i, «Spør v.» s. 28, dikttittel og mange døme der; med fotnote i tydingi uro, straum; Aasen 1873 i tydingi otte, uro i hugen).

iraud, adj. (Eg gjekk ut, / og såg den iraude månen, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 51; Aasen 1873 i tydingi raudleg, raudvoren).

isflotr, m. (isflotr på fjord, «Glør –» s. 47, med fotnote i tydingi nattis s. 49; Ross 1895 har døme på isflotr òg, i formi «noko Iisflottr», frå Setesdal, på oppslaget flotr, og Norsk Ordbok II 1978 har flotr, n. i tydingi noko som flyt her og der; spreidde flytande delar; der har dei døme frå Ulvik òg: berre noko flotr, om is; isflak, delar av is som flyt på fjorden).

J

janglestrå, n. (Eitt og anna janglestrået / freistar liv i gruset, «Glør –» s. 40; òg nytta som namn på ei samling med tillegg av dikt til «Dikt i saml.» 1980, men det er ikkje eigi bok, slik seinare samlingar kan gjeva inntrykk av, t.d. «Dikt i saml.» 1993, utan sidetal, men sida svarar til 281; tydingi er einsleg strå som sleng med vinden fram og attende, strå som svagar hit og dit; ofte i flt. grisne, lange grasstrå, skriv Hauge i brev 29. jan. 1994; jamfør Ross 1895 jangla, v. tyding 1 gå usikkert fram og attende, gå tumlande; gå og slenga, frå Hallingdal; ordet er velkjent hjå alle vaksne folk i Ulvik etter mi utspørjing hausten 1995, t.d. om strå som står att etter ein dårleg slåttekar, og Nils O. Børsheim gjev gode døme i brev til Hauge 30. mars 1966: da sto’kje atte manje janglestraoæ i teien hans, bundi form flt.; nokre janglestrao).

jartegn, f., òg n. (soli jartegn skreiv, «Glør –» s. 19, ei jartegn på vår og mildt, s. 27,; men eit jartegn, i same diktet i «Norsk Hagetidend» 1943, s. 85; Aasen 1873 jarteign, f. i tydingi prov, Nynorskordboka 1986 jartegn tyding 1 merke, prov på at noko er sant).

jolebunde, f. (Det er ikkje / mykje med / jolebunda di / i år, «Spør v.» s. 20, dikttittel òg – bunda, bundi formi; tydingi er joleband, bunde som vert sett opp til jol, åt fuglane; sjå òg bunde, f.)

jugla, v. (Det – juglar / med nykkspel og sol, «På Ørnet.-» s. 21; Aasen 1873 i tydingi fjasa, gjera narrestrek; òg vasa, ljuga for moro).

Ordlista er gjengitt med løyve frå Andreas Bjørkum og Samlaget. Takk.

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007