FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

kanning - månegul

K

kanning, f. (Fylg hugheilt kall og kanning, «Gula Tidend» 20. jan. 1933, s. 5, i eit omsett dikt; for ei evig livsens sanning / som kann gjeva oss vår kanning, «For bygd og by» 1942, Nr. 11, Andre umslagsside; med formene meg og mi i «Glør –» s. 107; Aasen 1873 tyding 1 det å kjennast ved, sannkjenning; jamfør kanna, v.).

kaua, v. (I kakking av båtar og kauande måsar, «Dikt i saml.» 1993, s. 302; Aasen 1873, frå Buskerud og fleire, og Norsk Ordbok II 1978 med tydingi hauka, ropa; lokka; «Um ordet er bruka slik i Hardanger, veit eg ikkje», skriv Hauge i brev 29. jan. 1994).

kimknut, m. (Frå ein kimknut i mitt hjarta, «Dikt i utval» 1964, s. 47 og «Dikt i saml.» 1993, s. 59; tydingi er knut, knute med kim, kime i, dvs. spire; opphav, etter kim eller I kime, tyding 2 Nynorskordboka 1986 overført).

kinn, n. (-augo, håret, kinni magre -, «For bygd og by» 1941, Nr. 13, s. 17; Aasen 1873 f., Norsk Ordbok II 1978 tyding 1 kvar av dei to sideflatone i andletet).

kita, v. (for de vil ståka / og stumpa sterte og kita hoka, «Glør –» s. 51; Aasen 1873 i tydingi kitla, taka i, røra ved ein kjenslevar del av kroppen so det eggjar og irriterer; Ross 1895 skriv at «I Hard. er kita kildre ved at berøre et ømfindtligt Sted (Siden), men kitla, kildre ved at krille»).

kjeldebard, n. (han [vinen] – siklar yver kjeldebard, «For bygd og by» 1941, Nr. 9, Andre umslagssida, og «Glør –» s. 29; tydingi er bard, rand, bredd på ei kjelde; sjå Aasen 1873 bard, n.)

kjeldemynne, n. (langt ute i Minnesotasjøen / nasar fiskane etter kalde kjeldemynne, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 126; tydingi er mynne, munning, opning på ei kjelde; sjå Aasen 1873 mynne, n.).

kjeng, f., kanskje m. (Dyraste dropane livet deg skjenker, du kann ikkje samla i krus eller kjeng, «For bygd og by» 1942, Nr. 18, s. 8; rim streng, m.; Aasen 1873 kjenga, f. i tydingi drikkeskål med to hald, eit på kvar side, frå Hordaland og Sogn).

kjerren, adj. (ikornen sit like kjerren / og gneg og knys, «Glør –» s. 46; Ross 1895 kjerren adj. 1. i tydingi som sit med, held, har hovudet attover, er kneisande, frå Sogn, Sunnhordland og Hardanger).

kjerte, m. (kransar og kveikte kjertar / ber du til han [steinguden], «Under b.» s. 34; Aaasen 1873 n. (?), men i Nynorskordboka 1986 m. i tydingi talgljos, fakkel).

kjos, m. (Ei stjerne i rømdi, ei rute / i nattsvart kjos, «Under b.» s. 46, og fotnote «kjos = grasteig millom bakkar el. skog»; liten skog- og busketeig, etter Marita Branstveit, Ulvik; Aasen 1873, men her hjå Ross 1895 tyding 4 frå Sunnhordland og Hardanger; i tydingi berre ein snipp av grasland, frå Voss; i tydingi liti sletta inne i skogen, etter Sigurd Sandvik, «Tillegg til Suldalsmålet» 1996, s.66).

klake, m. (kryr i klake / alt sumarjugl, «Glør –» s.48; Aasen 1873 i tydingi tunn, frosi skorpe på jordi; byrjingi til tele; sjå òg kry, v.).

-klett, m. sjå sandklett.

knea, v. (Fossen knear ned skorvi, «Seint r.–» s. 49; Aasen 1873, men her Ross 1895 tyding 2 gå med krokete kne, frå Hardanger og Jæren; her nytta overført).

knest, m. (Han [vasen] klovna utan ein knest – men stod, «For bygd og by» 1946, nr. 1.-2., s. 8, i eit omsett dikt; Ross 1895 i tydingi knett, liten smell).

knipargard, m. (I knipargard er røyken / spinken og tunn, «På Ørnet.-» s. 32; tydingi er gard der ein knipar, gniar bur, eller gard der folk er knipne, gjerrige).

knuldrut, adj. (skredebjørk / er knuldrut og krøkt, «Seint r.–» s. 34; Ross 1895 -utt i tydingi full av knuldror, ujamne kular på ei flate; Aasen 1873 knultrutt).

knysja, v. (ikornen sit like kjerren / og gneg og knys, «Glør –» s. 46; Aasen 1873, med fortid knuste, frå Hallingdal, og Ross 1895 frå Hardanger òg, i tydingi knusa, støyta, smuldra).

kollhuve, f. (Isberg –– / krynte med koll-huvor av is, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 102; Aasen 1873 -huva, i tydingi rund huve som fell tett innåt hovudet; til koll, m.)

kor, adv. (men dei [alléane] må gjeva full skugge kor soli snur, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 64; Aasen 1873 tyding 1 korleis, på kva måte; òg 16 og 16 på kor side, same kjelda s. 63; her i tydingi kvar, sjå Nynorskordboka 1986, tyding 3 om stad).

korgje, pron. (– Ap’len og skalden er like. / Korgje vil livet svike, «Glør –» s. 124; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi ein av to, nokon av delane, med nekting).

krake, m. (ser du fari kross i kraka, «Dikt i utval» 1964, s. 82, rim klaka, og fotnote med tydingi kross i krok; òg slik i «Dikt i saml.» 1993, s. 82; vendingi «ligg’e i kròss å krakje» har Sigurd Sandvik med i «Tillegg til Suldalsmålet» 1996, s.79, på langskipa; Aasen 1873, serleg tyding 4 krok, hake, søkkestein)

krape, m. (I teigrond og trø / veks bjønnbær i krapar, «Glør –» s. 39; fotnote s. 41 «Krapar: småkratt, byskje».; Aasen 1873 har krape frå Hardanger under oppslaget krampe, m. 1., i tydingi kratt, buskvokstrar; krokete tre; vanl. i Ulvik hjå vaksne folk, etter utspørjingi mi hausten 1995, t.d. i sms. bjør2ªekra±pe).

kroka, v., skrive kròka (At eg kjem utantil, trøytt og kròka, «Glør –» s. 57; Aasen 1873 i tydingi bøya seg saman, krøkja ryggen, om dyr; her då samanbøygd, krøkt).

krugg, m. (og krøkjer audmjukt / min lange krugg, «Hjeltnes» 1951, s. 30; Aasen 1873 i tydingi øvste delen av ryggen, frå Hallingdal, Ross 1895 tyding 2 krylrygg, pukkelrygg, frå fleire stader).

krusbrot, n. (Borni leikar seg med krusbrot. / Brot av ei skål dei fann, «Under b.» s. 47, òg i dikttittelen der; Aasen 1873 under krus, f. i tydingi potteskard, knuste bitar av potte, leirkar).

kry, v. (Seinhausten – kryr i klake / alt sumarjugl, «Glør –» s. 48, fotnote med tydingi sigande vatn frys til issvullar, s. 49; jamfør Aasen 1873 krya og Nynorskordboka 1986 III kry med tydingi aula, vrimla, men tyding 3 hjå Aasen ligg nok nærast, veksa opp (om vatn), stiga som ved ei oppdemming av is, kjøva, frå Nordhordland).

krydda, v. (Flaskepli, – dei har so fin krydda smak, «Hjeltnes»1971, s. 41, men i «Spør v.» s. 17 så fin –; Aasen 1873 i tydingi krydra, ha krydde i).

kryl, m. i vendingi skjota kryl (eller skjota kryl / og berre ta imot?, «Under b.» s. 32; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi sterkt bøygd rygg, pukkel; vendingi her tyder då bøya ryggen sterkt, luta).

krylakjering, f. (fyrr krylakjeringi ein gong batt’n [om katten], «Glør –» s. 52, fotnote med tydingi trollkjering; eigenleg kjerring med kryl, på ryggen; formi her er bytt ut med ei stygg trollkjering i «Dikt i utval» 1964, s. 31, sameleis i «Dikt i saml.» 1993, s. 38).

kryna, v. (stein fyrst, fyrr spir / kan kryna verket, «Spør v.» s. 66; Isberg – / krynte med koll-huvor av is, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 102; Aasen 1873 tyding 1 setja krune på; til krune, f.; vanl. form i sørvestlandsk, t.d. kry±2na6 i Indre Sogn).

kula, v. i refleksivformi kulast (og kålen [skal] takast upp og kulast, «På Ørnet.-» s. 56; tydingi er leggja i runde dungar, kular (eller haugar), serleg om grønsaker, t.d. kål, nepor; setel frå Voss i arkivet åt Norsk Ordbok; òg frå Rogaland der dei «kular grønsakene ned», etter bladet «Norsk Tidend» 14. mars 1945, setel i same arkivet).

kvare, m. (som leita kvile og kvare, «Under b.» s.51; tydingi er stille, ro, laga til kvar, adj. i tydingi still, roleg, og kvara, v. i tydingi roa (seg), kvila hjå Aasen 1873, frå Austlandet).

kvein, f. (Det er ein liten topp, lik toppen på kvein, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 62; Aasen 1873 tyding 1 tunt grasstrå; med tunne eller fine strå. «(Saaledes Agrostis, Poa og fl.)»; sjå òg røyr­kvein).

kvima, v. (Han [gartnaren] stoggar, – ser kor fivreld kvimar, «Glør –» s. 31, Insekti kvimar, «Dropar –» s. 57, svarte nattfuglar kvimar / plagsamt framfyre auga ditt, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 14; Aasen 1873 tyding 1 sviva hit og dit, gjera mange svingingar, t.d. om fuglar, frå Sunnhordland og fleire; Ross 1895 frå Hardanger òg; verbet er velkjent i Ulvik hjå vaksne folk, uttala kve±2ma eller kv¯ı2ma; mi utspørjing hausten 1995).

kvisten, adj. (de [fossekallar] – / slær ein kvisten song, «Dropar –» s. 69; Aasen 1873 i tydingi livleg, munter, frå Ryfylke; vanl. i Suldal etter Sigurd Sandvik, «Suldalsmålet» 1991, s. 166; etter Halldor O. Opedal, «Hardanger-målet» 1960, s. 63 i tydingi radleg, førtleg i arbeid; velkjent adj. i Ulvik hjå vaksne folk i tydingi snøgg i snuen, sprek og lett, mest om folk, t. d. ain kvis2t4n ka±r, ai kvis2tE jEn2ta; mi utspørjing hausten 1995).

kyle, n. (Liksom blanke kniven / skjer – / kyli upp, «Glør –» s. 121, fotnote med tydingi utvokster, svulst; Ross 1895, mellom andre frå Jæren og Sunnhordland).

kynd, f. (men bed / å verta fylgja tru, mi kynd, «På Ørnet.-» s. 57; Aasen 1873 i tydingi art, slag; oftast i sambandet jordkynd, frå B. Stift = Bjørgvin bispedøme).

kyndel, m. (med tende kyndlar, og med usløkt kyndel i hond, båe i «For bygd og by» 1945, Nr. 7, s.2; Eg lyfter ingen kyndel / og viser andre veg, «Glør –» s. 92, som vermer seg sjølv / med ein kyndel, «Seint r.–» s. 46; Aasen 1873 i tydingi brennande stikke til å lysa med, fakkel, frå Østerdalen; Ross 1895 frå Odal, Vinger, Romerike òg).

-kyrlag, n. sjå smalekyrlag.

kyrr, adj. (i den ljose kyrre natt, «For bygd og by» 1941, Nr. 13, s. 17; Or kyrre rømda, «Hjeltnes» 1941, s. 33; Aasen 1873 på kjørr i tydingi roleg, still, frå Nordland, sj. på Vestlandet (Sunnmøre, Nordhordland); gamalnorsk kyrr).

L

langebytte, n. ( – Noko skal ganga / i langbyttet, «Glør –» s. 79, fotnote s. 83 med tydingi magen; samansett med bytte, n., sjå dette ordet).

lauvast, (No det sumrast, / lidi lauvast, «Dikt i saml.» 1993, s. 255; Aasen 1873 i tydingi få lauv, verta grøn, om tre; her då om trei i ei li; sjå òg logga, v.).

lauvlogn, adj. (um lid og lauvlogn lund, «Gula Tidend» 16. aug. 1938, s. 5; Aasen 1873 logn tyding 1 still, roleg; her då logn, som gjev ly, ro for lauvet).

leista, v. (Ein svart ridar med flaksande ramnar / leista i lause lufti, «Spør v.» s. 79; Aasen 1873 tyding 1 gå slepande, eller draga føtene, og Ross 1895 tyding 3 slepa hoven).

leitt, adj. (Du spaknar og vert / so underleg leitt, «Seint r.–» s. 35, fotnote med tydingi trøytt, utkøyrd; Ross 1895 leidd, med formi leitt’e frå Hardanger og Voss òg).

lepa, v. (Trollet i deg – / – lepar mot morgonsoli, «Dikt i utval» 1964, s. 131; diktet er ikkje med i seinare samlingar; merri lepar i morgonsolæ, – i morosolæ. – (Um ein som heng truskuldig med lepane); etter K.H., førebokstavane i namnet åt mori, «Gamalt frå Ulvik» 1944, s. 53; sjå òg «Talatrosten» 1995, s. 23; Ross 1895 lepa, v., serleg tyding 2 hengja lepane, frå Østerdalen, og tyding 3 slenga med lepane; løfta lepane; grina opp, om trøytte eller brunstige dyr, serleg hestar, frå Smålenene og Vinger; Smålenene = Østfold).

lik, adj. i vendingi ser um likt, sjå ser, adj

lita, v. (du – er trygg / – / og lit tråden, «Under b.» s.59, Eitt leit du, «Seint r.–» s. 12; Aasen 1873 tyding 2 tru fullt og fast på, ha tiltru til; her brukt utan ; det kan brukast både med og utan på, skriv Hauge i brev 29. jan. 1994).

litevetta, n. (so litevetta / oske frå vengene ligg att der?, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 80; i Nynorskordboka 1986 er litevetta sett opp som adj. med tydingi litt, lite grann, og ordet er velkjent t.d. i Indre Sogn som substantiv i n., jamfør inkjevetta).

livast, v. (at marki livst, «Dikt i saml.» 1993, s. 297; Aasen 1873 liva tyding 1 gjeva livd, verna og 2 spara, verna, og Ross 1895 livast tyding 1 spara på kreftene åt kvarandre, frå Ryfylke; me skulle ha venta formi livest her, men med samandraging får me ei staving mindre).

livd, f. (Den siste livdi til Jehova, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 132; Aasen 1873 i tydingi le, ly, vern).

livd, adj., perf. part. (Utanfor kjellarmuren har katten / funne seg ei livd krå, «Spør v.» s. 18, og røtene stikk djupt / i livd mold, «Dikt i saml.» 1993, s. 308; Aasen 1873 tyding 1 verna; lun, roleg).

livgjord, f. (Isberg, utan handred, utan livgjord, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 102; Aasen 1873 i tydingi breitt belte; gjord, band, reim om livet, livreim).

ljosnæme, n. (På ljosnæme / gjet du sjeli, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 174; Aasen 1873 næme tyding 1 grep, hald, tak og 2 evne til å fata, læra; her då overført om ljos).

ljuv,adj. (til han [vinen] ljuv i dagen skin, «Glør –» s. 29, so hjarta, metta av det ljuve / spelet, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 13; Nynorskordboka 1986 i tydingi herleg; yndefull; søt, mild; gamalnorsk ljúfr; sjå òg Aasen 1873 ljuvleg).

logga, v., ei form av lauvga (Vintersnaud bjørki loggar, «Glør –» s. 126, fotnote s. 127 med tydingi grønkast, lauvast, Uppi nipa tek’e / stuvabrør te logga, «På Ørnet.-» s. 39, fotnote med tydingi spretta, lauvast; Aasen 1873 lauvga (laugga, logga), frå Nordhordland, på lauva, og lauvgast (lauggast, loggast), på lauvast, frå Sogn og Nordhordland, i tydingi få lauv, grønkast; Ross 1895 har logga frå Hardanger, på lauvga; formene lOg2ga6 og lOg2ga6st er velkjende i Indre Sogn, mest hjå eldre folk, sjå mi bok «Generasjonsskilnad i indresognsmål» 1974, s. 448; alle dei eldste og sume av mellomgenerasjonen i Ulvik kjenner godt låg2ga, t.d. ly’1jen låg2ga, om våren; mi utspørjing hausten 1995).

longo eller longe, adv. (når eg longo er burte, «Glør –» s. 10, Kvar ein vårviss songfugl til sudland er longo faren, same boki s. 44, – hev livet longo halde dom, same boki s. 101, Og eg var longo død, «Seint r.–» s. 59 og i «Norske dikt frå Edda til i dag» 1968, s. 267; Frå det longe kvorvne / til det longe nærverande, Jan Erik Vold, «Under Hauges ord» 1994, s. 385, i eit omsett dikt av Robert Bly; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi for lang tid sidan, Ross tyding 2 allereie; mest vanl. långe, skriv Aasen, og no er formi longe jamstelt med longo, Nynorskordboka 1986).

lufsen, adj. (ut på ei grein / som sprikjer lang og lufsi, «Glør –» s. 46; Aasen 1873 under lufsa, v. i tydingi som har lokkar i håret, langhærd; òg stridhåra; her om rikt lauv på ei grein).

lyd, adj. (Stjerne og soleglad, / og eitt lydt rop på meg, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 25, du ligg lyd og ålvak / og din tanke sviv um land, same boki s. 26; Aasen 1873 tyding 1 som er lett å høyra, som høyrest på lang fråstand, og 2 tilgjengeleg for lyd, som lett kan høyrast utanifrå).

lygrå, adj. (Men lygrå dimd og muskregn spår han [sniglen] godt, «Dropar –» s. 66; tydingi er grå og ly, grå og mild, lun; Aasen 1873 ly i tydingi mild, lun, litt varm, frå Jæren, Ryfylke, Hordaland og fleire stader).

-lødd, adj. sjå tunglødd.

løypa, v. (og han Hans, han løypte høy!, «Spør v.» s.65; Aasen 1873 tyding 1 setja i gang, driva, få til å laupa, glida eller renna nedover, t.d. Løypa Timber; her då få høy til å glida, renna nedover eller utfor ein bakke, eit stup, t.d. på løypestreng).

M

maishelme, f. (dei myrke tårone i maishelma, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 131; tydingi er helme av mais; Aasen 1873 helma i tydingi halmstubb(ar) som står att på åkeren etter han er skoren).

maisstylk, m. (Med snøen legg til, kverv maisstylkene meir og meir / undan, «Dikt i umsetj.» 1992, s.128; Aasen 1873 stylk tyding 1 stilk, stengel; her av mais).

meggen, adj. (Og pengesekken, / so breid og meggen, «Glør –» s. 70; tydingi er stor, kraftig; maktglad, laga til megga, f., hjå Aasen 1873, om slik kvinne).

meitel, m. (som ein fin, utvald meitel med isett egg, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 53; Aasen 1873, med meitle frå Hardanger, i tydingi hoggjarn; Nynorskordboka 1986 meisel).

meldestokk, m. (Meldestokken kik inn glaset, «Spør v.» s. 51; Aasen 1873 i tydingi ugras i korn, chenopodium album; eittårig ugras etter Nynorskordboka 1986).

minst, adj. superlativ, i vendingi i minsto, dativ eintal, adv. (Seindre hev eg sett mykje stygt, / i minsto av bussefantar, «Glør –» s. 84, so er i minsto ei sut kvitt, «På Ørnet.-» s. 56; Aasen 1873, med i minsto frå Hallingdal, i tydingi i det minste; som har svært lite å seia, som ikkje er viktig).

mjo, adj. (når du frosen og mjo / vermde deg ved han [elden], «Dropar –» s. 72; Aasen 1873 mjo med tilvising til mjå, som svarar til tyding 2 i Nynorskordboka 1986, trøytt, sliten, slapp).

mjå, adj., skrive mjá (som ei sviga mjá og mjuk, «Gula Tidend» 13. aug. 1927, s. 5; Aasen 1873 i tydingi tunn, smal, grann; Ross 1895 mjao frå Hardanger, og same formi har me i Sogn).

mol, n. òg skrive mòl (kvi ikkje eg kan / få tynt eit eit mòl, «Hjeltnes» 1951, s. 30, Ei firfisle baskar med eit kvitt mol, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 117, med mol daska mot lampen -, same boki s. 118; Aasen 1873, og Nynorskordboka 1986 IV mòl eller møll i tydingi sumarfuglar av arter i fleire familiar som gjer skade på klede og vokstrar).

moldvarpbauk, m. (Eg likar ogso småe haugar, på lag som moldvarpbaukar på dei ville heidene, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 64; Aasen 1873 bauk tyding 1 graving i jordi, opproting; her då roting, liten haug etter moldvarp; ordet «har eg sikkert funne hjå Raknes», skriv Hauge i brev 22. mars 1994).

morgonkvat, adj. (Upp, og gå til arbeids / morgonkvat og glad!, «Gula Tidend» 3. mai 1939, s. 4; Aasen 1873 og Ross 1895 kvat i tydingi frisk, modig; snøgg, flink; her då om morgonen).

morgonraude, m. (- Som eit «ja» stig morgonrauden / yver vang og vår, «For bygd og by» 1941, Nr. 13, s. 17; Aasen 1873 har formi morgonrode, men Nynorskordboka 1986 set opp – raude òg, i tydingi raud farge på austhimmelen ved soloppgang).

mork, f. (Eg fann ein seljerunne / ein dag eg hogg ned mork, «For bygd og by» 1941, Nr. 15, s. 11 og «Glør –» s. 23; Aasen 1873 mork f. 3., frå Hardanger, Sunnhordland og Ryfylke i tydingi skogsfôr, friske kvistar som vert samla til fôr; Ross 1895 morka, v. i tydingi samla skogsfôr; båe desse ordi er velkjende hjå alle vaksne folk i Ulvik; mi utspørjing hausten 1995).

mosstove, f., skrive mòs- (So sessa dei seg / i mòsstova svart, «Glør –» s. 78, Torsteins-mòsstova, s. 76, fotnote med tydingi eldhus s. 83; Aasen 1873 matstova, og Ross 1895 med formi mosstova (o’, o’), merke for opne vokalar, frå Hardanger (Ulvik); vanl. på alle gardar i Ulvik; mi utspørjing hausten 1995).

-mule, m. sjå gilsmule.

-mynne, n. sjå elvemynne, kjeldemynne.

myrbunden, adj. (På myrane lokkar den gåtefulle mori på dei myrbundne / kjuklingane, «Dikt i umsetj.» s.149; tydingi er som er bunden, fest til ei myr eller myrane).

myrsikl, n. (og lunka myrsikl / i klake held, «Under b.» s. 39; Aasen 1873 sikl under sikla, v. i tyding 1 renna med ein veik ljod, risla, sildra; her då smårenning med veik ljod, sildring or ei myr).

mæte, f. (møtte her i fjorden mæte / for sterk gamal norsk kultur, «Glør –» s. 67; Aasen 1873 mæta i tydingi verd, føremun, fullkomenskap, frå B.Stift (= Bjørgvin bispedøme) og fleire; Ross 1895 med fleire tydingar; òg tyding etter Aasen, Hauge i brev 29. jan. 1994).

mødal, adj. (den jord me mødalt / i elsk har rudt, «Hjeltnes» 1951, s. 30; Aasen 1873 mødall i tydingi strevsam, trøyttande; mødesam, frå Nordre Berg. (= Sogn og Fjordane) og fleire stader).

møne, f., i bundi form møno etter målf. (So knekkje eg møno, «Seint r.–» s. 30, fotnote med tydingi ryggmerg; Aasen 1873 møna med denne tydingi frå Nordhordland, Ross 1895 frå Hardanger, Voss og Ytre Sogn; frå Suldal har Sigurd Sandvik same tydingi, ryggmerg i dyr, «Tillegg til Suldalsmålet» 1996, s. 93; ordet er svært sjeldhøyrt i Ulvik no, berre etter Oddmund Hauge, men alle vaksne jegrar kjenner mø±2na, v., t.d. mø±2na rai1d4n, i tydingi stikka kniven ned i nakkegropi, halsgropi på ein rein og avliva han når kniven skjer tvert av ryggmergen; mi utspørjing hausten 1995; både mø±2na, v. og mø±2na, f. er kjende ord i Røldal etter Lars Hellemo, «Frå det gamle arbeidslivet» 1957, s. 154, og Lars Vivelid frå Eidfjord, grannebygdi åt Ulvik, har båe ordi i ordlista til boki «Langs blodfar på villfjell» 1971, s. 157, verbet òg s. 155).

månegul, adj. (månegul kjøld, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 79; tydingi er som har same gulfargen som månen).

Ordlista er gjengitt med løyve frå Andreas Bjørkum og Samlaget. Takk.

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007