FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

sagg - sårmod

S

sagg, m., skrive saggjen, bundi form i eit dikt på målf. (Å laog han inne / dan gamle saggjen, «Norsk Tidend» 5. juli 1944, s. 2; Ross 1895 tyding 1 tung og seigvoren person, frå Jæren og Ryfylke).

sandklett, m. (på sandklettar / av vandrande ord, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 173; Aasen 1873 klett i tydingi knaus, koll, frå Nordhordland og fleire; her då klett, knaus av sand).

sauepike, f., skrive sauapika, i bundi form -piko i eit dikt på målf. (-Sauapika, sauapika, / seg [sei] meg kar sauen min æ! / Å sauapiko peikte greidlæ, «Glør –» s. 85, fotnote s. 86 med tydingi ein langbeint edderkopp «Veverknekt», lammeføl. Vidare står det «Når gjætaren heldt henne i foten og spurde kvar sauene var, peika ho ut kvar han skulde leita». Ordet er berre kjent i Ulvik, Granvin og på Voss etter kjeldone no, frå Ulvik etter ein ordsetel frå Hauge sjølv i arkivet åt Norsk Ordbok, frå 1956, og frå grannebygdi Granvin skriv Henrik Kvalem, fødd 1906, at ordet var velkjent «i mine oppvekstår», «til stor moro for born», i brev 23. sept. 1994; frå Voss finn me formi sauapeka («Ord og Sed» I, redigert av Nils Lid, 1934, s. 61: 19. Sauapeka), som er namnet på den store eremittkingelen, Phalangium opelio; dei syner til peka, v. som har monoftong på Voss etter gamalt (ei vert til e), nynorsk peika, og Olaf Almenningen frå Voss seier pe±2ka, v. er vanl.; ordet er velkjent i Ulvik hjå alle dei eldste og fleire av mellomgenerasjonen enno etter mi utspørjing hausten 1995).

saur, m. (Og han plukkar kvart ord i saur og sop, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 82; Aasen 1873 tyding 1 skit, lort, ureinske; sume stader mest om våg i augo, frå Hardanger og Nordhordland).

seindrøg, adj., her i n. som adv. (klokka i kråi / tek til å hurkla / seindrøgt mot tolv, «Dikt i saml.» 1993, s. 46, um det bryt seindrøgt eller brått, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 113; Aasen 1873 i tydingi seindregen, som er sein av seg).

ser, adj. i vendingi ser um likt (det kann vel verta ser um likt / set [sett] frå den rette kant, «Glør –» s.38; Ross 1895 seer um likt, i tydingi like godt = slikt slag, frå Sunnhordland, på ser, adv., «D’æ seer om likt». Johannes Heggland frå Sunnhordland har òg nytta denne vendingi: «Då kan det vera sær om likt, let han berre og var stutt», i boki «Brødet frå havet. Born av støv» 1982, s. 23; i Suldal er vendingi velkjend i formi ser likt, med fleire døme etter Sigurd Sandvik, «Tillegg til Suldalsmålet» 1996, s. 113; Ross har òg «d’æ mykje seerums likt», frå Hardanger (Ulvik); vendingi se±r om likt er vanl., etter brev frå Hauge 29. jan. 1994 og vanl. hjå dei eldste og mellomgenerasjonen i Ulvik etter mi utspørjing hausten 1995).

sigrøn, adj. (sigrøn blømer hagen, «Gula Tidend» 16. juli 1938, s. 4, Vind susar yver sigrøn engabø, «Gula Tidend» 16. aug. 1938, s. 5; Aasen 1873 si-grøn, frå Telemark, i tydingi som alltid er grøn, eller som ikkje falmar; Nynorskordboka 1986 legg attåt grøn heilt igjennom).

siva, v. (eit sår, eit brot, so livet siver ut, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 54, sjelene våre siver alt gjenom opi / i det vonde såret, same boki s. 55; ikkje i ordbøkene åt Aasen og Ross, men i nyare nynorsk-ordlistor og Nynorsk­ordboka 1986 har verbet både linn og sterk bøying, her då linn, i tydingi renna seint, siga).

sjauskjære, f., oftast skrive -skjere (sjauskjera* raud / blør under kvernaslòket, «For bygd og by» 1943, Nr. 12, s. 12, og fotnote med tydingi* «Sjauskjera er lokalnamn på blomen skogstorknebb,»; i «Under b.» s. 28 brigda til formi sjuskjera raud, utan fotnote, sameleis i «Dikt i saml.» 1993, s. 86, sjauskjæra som me segjer; Sjauskjæra er det same som skogstorkenebb, Geránium Silváticum, «Brev 1970-1975» 1996, s. 171; Aasen 1873 sjauskjæra, og Nynorskordboka 1986 sjuskjære).

sjausular, m. (Sjausular skjote, kom du att / og blås i ville morgongry, «Glør –» s. 11; brigda til sju- i «Dikt i utval» 1964, s. 16, sameleis i «Dikt i saml.» 1993, s. 16; jamfør Ross 1895 sular, m. med tydingi snøgg, men unøyaktig kar; her nytta som namn på eller ei omskriving for storm, stormen).

sjon, n., skrive med -ó- (Sjón tyder syn, det er gamalnorsk og brukast i Hardanger enno, i alle fall her i Ulvik, «Brev 1970-1975» 1996, s. 175-176; Aasen 1873 og Ross 1895 sjon, f.).

sjonåklæde, n., skrive sjón- (både krok-åklæde og sjón-åklæde. – sjónåklæde hengde dei på veggene, dei var til stas, «Brev 1970-1975» 1996, s. 175; Ross 1895 i tydingi mønstervove teppe, frå Hardanger). 

sju- i sms. sjå sjau-.

skaldra, v. (når Tor / yver eggjene / skaldra, «Spør v.» s. 78; Aasen 1873 og Ross 1895, frå Berg. Stift (= Bjørgvin bispedøme) i tydingi ramla, skramla, skrella).

skank, m. (Ein tresko skal holast / ut etter skanken, «Glør –» s. 89; Aasen 1873 skank, m. 1., med tilvising til skonk, f. i tydingi lår, lårbein; Nynorskordboka 1986 tyding 2 legg og 3 baklem, fot).

skanta, v. (eg fekk høve til å skanta og retta på sume vers, «Brev 1970-1975» 1996, s. 111; Aasen 1873 tyding 1 mæla til, passa til med skant, mælestav, og tyding 2 jamna, klyppa til, taka noko av so tingen høver; tydingane er frå fleire målf.).

skarv, n., i flt. skorv, med u-omlyd (frå skarv og skruv og svarte tind, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 25; denne lina er heilt omskrivi i «Glør –» s. 35; du fær ikkje lenger / fila ditt skarv, om ein bekk, «Hjeltnes» 1951, s. 25; Fossen knear ned skorvi, «Seint r.–» s. 49, Yver kvite skorv / i skardet, same boki s. 52; Aasen 1873 i tydingi nake berg, berg der det ikkje veks noko; òg i sms. slæskarv, sjå dette ordet).

-skauta, adj. perf. part. sjå bredskauta.

skilleg, adj., skrive skileg (kan du i fossegråten / so skileg høyra låten, «For bygd og by» 1943, Nr. 12, s. 12; Aasen 1873 tyding 1 tydeleg, klår, lett å skilja).

-skir, adj. sjå sylvskir.

skira, v. (han som har skira / mat og drykk, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 33; Aasen 1873 tyding 1 gjera rein, klår; skilja ei væske frå botnfallet, t.d. om kaffi).

skjekkja, v. (vinden skjekkjer det gamle hus, «Dikt i saml.» 1993, s. 45; Aasen 1873 i tydingi gjera skakk, skeiv; støyta or lage).

skjera, v. (- Veit ikkje du / at far din var skoren?, «Glør –» s. 81, fotnote s. 83 med tydingi gjeld, kastrert; Aasen 1873 tyding 2 siste delen, operera (med kniv), gjelda; på tyding 1 i Nynorskordboka 1986).

skjevra, v. (Sleipne skjevra i vinden, «Spør v.» s. 79; Ross 1895 med tilvising til skivra, tyding 1 gjera dirrande og svingande rørslor som ei tunn plate som vert kasta ut i lufti eller vatnet, frå S Berg. (=Hordaland). Mest: skjevra).

skjot, adj. (Sjausular skjote, «Glør –» s. 11, eg er ein skjot fisk som skyt gjenom upprørd sjø, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 150; Aasen 1873 i tydingi snar, snøgg).

skjott-trødd, adj. perf. part. (I ditt skjott-trødde spor / lyt mannen gå, «Under b.» s. 14; samansett av skjott, adv. Aasen 1873 i tydingi snart, snøgt, og perf. part. av trøda, v., Nynorskordboka 1986 III trø i tydingi stiga med foten, trå; gå; her då som er snøgt stigen på, gjengen på).

skogdrøymd, adj. perf. part. (Eg likar skogdrøymd elv / som renn forutan song, «Seint r.–» s. 9; samansett med perf. part. av drøyma, v. i tydingi ha ein draum (i svevn), eller helst tyding 2 b i Norsk Ordbok II 1978 om formi drøymd, som ein (berre) har tenkt seg, lengta etter; her då om ei elv i skogen).

skonk, m., skrive skunk (tev av ein skunk langt undan, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 117; Aasen 1873 f. i tydingi lår, lårbein; Nynorskordboka 1986 I skank, tyding 4 knokkel av lår eller legg med kjøt på).

skovla, v. (Då Abraham Lincoln var skovla inn i gravi, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 47; Norsk Riksmålsordbok bind II 1957 skovle, tyding 1 skuffa (med skovl, spade) og 2 skovle inn, skuffa inn, sopa inn).

skrepping, f. (Då skulde du høyrt på skrepping, «Seint r.–» s. 27; verbalsubstantiv til skreppa (2), v. Aasen 1873, i tydingi kyta, rosa, skryta).

skrimsel eller skrimsl, n. (ei minning, eit skrimsl, «Seint r.–» s. 24, og endå er det eit morke skrimsel / att av dei, «Dropar –» s. 9; Ross 1895 skrimsl tyding 1 veik lysning; skimt; Aasen 1873 skrimsla, f.; Ross i tyding 2 tunt, grise lag som i farge skil seg frå underlaget).

skrokna, v. (til den dansande logen / skrokna, «Spør v.» s. 81; Aasen 1873 i tydingi verta skrokken, skrumpa, krypa saman).

skruv, n. (frå skarv og skruv, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 25; Aasen 1873 tyding 1 topp, øvste punkt; i Nynorskordboka 1986 m. på I skruv).

skuggal, adj. (Frå dyskvått, skuggalt gras kom han [sniglen] til vegen, «Dropar –» s. 66; ordet finst ikkje i ordbøkene åt Aasen og Ross, men i arkivet åt Norsk Ordbok finn me mange setlar or nynorsk litteratur, t.d. etter Henrik Rytter og Sigmund Skard; tydingi er som ligg eller held til i skugge, skuggefull; jamfør liknande adj. på -al som frostal, tagal, vågal).

skuggelogn, f. (Une / og skuggelogn og livd gjev gamle tre, «Hjeltnes» 1941, s. 4; Aasen 1873 logn, f. i tydingi stille, vindstille på vatnet, frå Hardanger og fleire; her då (vind)stille, ro, med skugge).

skuldaskor, f., skrive -skòr (Du har di skuldaskòr, «Seint r.–» s. 41, og fotnote med tydingi merke for gjeldspost; Ross 1895 tyding 3 hakk, skore, som på ein bismar, frå Hardanger og Lista futedøme, her då merke, skore for skuld).

skumt, n. (I skumti, dikttittel, «Glør –» s. 51; då flt. bundi form; Aasen 1873 i tydingi skyming, mørkning, frå Hardanger og Voss).

skunk, m. sjå skonk.

skurbye, f. (stutte setningar / som driv / i ei skurbye nedetter sida, «Spør v.» s. 43; samansett av skur, f. Aasen 1873 i tydingi bye, serleg stutt og kraftig bye, og bye, f., Aasen 1873 bya, som òg tyder om lag det same, vindstøyt).

skygg, adj. (Kva leitar den skygge / svarttrosti etter?, «Seint r.–» s. 49, Sanningi er ein skygg fugl, «Dropar –» s. 22, Og fuglen kverv / på skygge venger, «Spør v.» s. 76; Aasen 1873 i tydingi sky, redd, frå Gudbrandsdalen, Ross 1895 frå Trøndelag og Nordmøre, tyding 2 skyr, som lett spring ut, om hest, frå Sogn).

skyggja, v. (eit skygt rom med gardinor, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 150; Aasen 1873 tyding 1 og 2 kasta skugge; mørkja; her då som har skugge, er mørkt, om rom).

skymrande, v. pres. part. (attmed eit skymrande vatn, «Spør v.» s. 54; Aasen 1873 skymra,v. på skyma i tydingi mørkna, verta mørk, frå Søndre Berg. (= Hordaland), og Hauge har sjølv stadfest denne tydingi i brev 29. jan. 1994).

skynig, adj. (ein skynig mann, «Brev 1970-1975» 1996, s. 123; Aasen 1873 skynug i tydingi skjønsam, klok; rimeleg, vitug; òg mild, omsynsfull; no skjønug i Nynorskordboka 1986).

skyrkvem, m., i flt. -kvemmer (men skyrkvemmer kom / til i eit bytte, «Glør –» s. 81, fotnote s. 83 med tydingi mann frå Kvam (utnamn); Aasen 1873 kvem, med flt. kvemer; samansett med skyr, n., no skjør, i tydingi surmjølk; nemningi er nedsetjande, for folk i Kvam drakk mykje skjør, trudde dei i Ulvik; svært vanl. ord hjå alle vaksne folk i Ulvik etter mi utspørjing hausten 1995).

sljo, adj. (Dei vart litt sljoe og våte, «Hjeltnes» 1941, s. 69, er klør og tenner sljoe?, «Spør v.» s. 67; Aasen 1873 og Ross 1895 med mange former or målf. i tydingi skjemd, ukvass; sliten; Nynorskordboka 1986 slø; tyding 1 der).

slæskarv, n. (på eit slæskarv, på bikk / frampå stupet, «Dropar –» s. 11, om rullestein; Ross 1895, under slæ, n., frå Hardanger (Odda) i tydingi nake og glatt skråberg; til målf.-formi slæ, av sljo, sjå Ross 1895; sjå òg skarv, n.).

smalekyrlag, n., skrive -kyllag (- Tå smalekyllaget / byd eg deg trakket, «Glør –» s. 68, fotnote med tydingi kyrlaget, 6 sauer; Aasen 1873 frå Sogn og Nordhordland i formi kydlag og kyllag, Ross 1895 med -dl- frå Jæren og Dalane; i Ulvik kjydlag, Hauge i brev 29. jan. 1994; i Indre Sogn ªyd2la6¿g; tydingi er seks stykke, ei halv tylft, mest om småfe, som svarar til a6i ªy±r, ku).

smeik, m. (han [kunsten] kryp for smeik og ros, «Gula Tidend» 20. jan. 1933, s. 5, i eit omsett dikt; Aasen 1873 og Ross 1895, båe n., i tydingi det å smeikja (seg inn med nokon), smisking; òg kjærteikn; i Nynorskordboka 1986 m.).

smida, v. (Han er eit menneske / han som du, / og prøver smida seg um / til påfugl, «Spør v.» s. 25; Aasen 1873 i tydingi arbeida med, laga til av metall; her gjera seg om, laga seg om, med smiing; nytta overført).

smylebunke, m. (smylebunke, ei grasart, nytta i fotnote som tyding av smylve, «Glør –» s. 41; Nynorskordboka 1986 i tydingi art av slekti bunke; latin Deschampsia flexuosa).

smylve, m. (I teigrond og trø / veks – / slikjande smylve / um bjørkelegg, «Glør –» s. 39, fotnote s.41 med tydingi smylebunke, ei grasart; Aasen 1873 med tilvising til smele, der han òg har formi smylve frå Hardanger og Voss; tydingi er grasslag med svært tettveksande, smale eller trådforma blad; nærast Aira flexuosa, på latin).

snerta, v. (Slik snerta handi so tidt i veila, «For bygd og by» 1946, Nr. 1.-2., s. 8, i eit omsett dikt; Aasen 1873 tyding 1 koma borti, røra ved noko lausleg eller snøgt).

snur, m. (Eg har – fenge so mange eigne vanar og snurar at –, «Brev 1970-1975» 1996, s. 206; Aasen 1873 i tydingi kurre, tvinning, vriding på tråd; men Ross 1895 har den tydingi som høver her: måte å vera på, lag, åtferd, hjå Ross «Væsen, Maner», frå Hardanger).

snøsa, v. (Hjortar snøser i / underskogen, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 120; Ross 1895 i tydingi lukta, snusa; òg blåsa i nasen, frøsa, frå Nordmøre og Trøndelag; her i den siste tydingi; Nynorskordboka 1986 har delt dei i to tydingar).

solbunde, f. (ei saknads solbunde åt ei myrk jord, «På Ørnet.-» s. 56; tydingi er bunde, kornband, noko som er bunde saman, her av sol, og knytt til saknad; sjå òg bunde, f.)

soldros, f. (Soldrosi stundom brenn og gløder, «For Bygd og By» 1932, s. 386, i eit omsett dikt; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi rik eller mykje vyrd kvinne, staseleg kvinne; jamfør sms. som bele-, fagerdros; her nytta overført om soli).

solesse, f. (Og eg vil gløda i solessa / mine kalde jarn, «Under b.» s. 25; tydingi er esse av sol, Nynorskordboka 1986 I esse i tydingi avl, smieavl).

solstrilut, adj. (Solstrilut vind rengjest raggut, svart, «Dropar –» s. 37; ikkje i ordbøkene, men jamfør stril, m. og strila, f. i tydingi stråle, av væske, ljosstråle, og serleg strila, v. Ross 1895 tyding 1 stråla, gå i strålor, serleg om solljos gjennom sky, frå Nordmøre og Trøndelag, og tyding 2 senda ut tunn stråle; spruta fint, frå Voss; tydingi er då som har, syner seg i strålor med sol).

sorgal, adj. (Kvar dag – / høyrer eg sorgal tus av dei gråe arméane, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 131; Aasen 1873 sorgall, frå Sogn, under sorgfull; heilt vanl. i nynorsk litteratur, t.d. hjå Olav Aukrust, Kristofer Uppdal, Henrik Rytter på setlar i arkivet åt Norsk Ordbok; tydingi er sorgfull, som syrgjer, hugsjuk).

spank, adv. (Eg – / gjeng spank / som ein skipper på plank, «Spør v.» s. 69; tydingi må vera stiv, stram, sjå spanka, v.).

spanka, v. (du spankar / som keisaren utan klær, «Glør –» s. 118; Nynorskordboka 1986 i tydingi gå stiv og stram, spanska; Norsk Riksmålsordbok bind II 1957 gå stiv og stram, «med avmålte skritt»).

spelhus, n. (Mitt store spelhus, mi hamn, min åre, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 104; samansett med spel, n. Aasen 1873 tyding 1 leik, moro, so tydingi er leikehus, leikarstove; i Indre Sogn er, spE±2la6 s3, sEg, v. og spE±l2ü‚s, sjeldnare -hü‚s, heilt vanl; tydingi er leika seg).

sperra, v. (Han sperrar loftet. Notti kjem med frost, «På Ørnet.-» s. 56; òg i «Hjeltnes» 1961, s. 5 der diktet er kalla Kveld i oktober, men i boki ovanfor og støtt seinare i november; Aasen 1873 tyding 1 strekkja, spenna ut, spila ut; men jamfør òg sparre, m. tyding 2 støtte, stokk som vert sett på skrå imot ein vegg eller ei dør, frå Hardanger, som kan gjeva ei onnor tyding av sperra, setja støtte imot, til opning, her om loftet, dvs. himmelen, som vert open, klår og då gjev eit varsel om frost; jamfør sperren, adj.)

sperren, adj. (Vêret stend like sperre; sol, kaldt, blå himmel, «Brev 1970-1975» 1996, s. 292; Ross 1895 tyding 3 om veret: støtt klår og frostal, frå Hardanger og Sunnhordland).

spord, m. i vendingi slå spord (Du slær spord, strider vilt, «Seint r.–» s. 35; Aasen 1873 i tydingi hale, stjert på fisk; me skulle ha venta vendingi med spord eller sporden som er meir vanl.).

spralten, adj. (Auren er spralten, «Dropar –» s. 40; mest truleg av spratla, v. Ross 1895, frå Jæren, sprasle frå Telemark i tydingi sprala, sprela, då med -tl- til -lt- i adj.; sjå s. 132; tydingi er spralande, som sprelar, vrid og kastar seg, om fisk).

sprekke, f. (Den fine sprekka i blå krystallet, «For bygd og by» 1946, Nr. 1.-2., s. 8, i eit omsett dikt, då soli keik inn / gjenom sprekka i novi, «Glør –» s. 83; Aasen 1873 i tydingi sprekk, brest, sprunge).

sprena, v., skrive sprina (Og Smed-Ola sprina og sprøytte, «Hjeltnes» 1941, s. 69; Ross 1895 tyding 1 sprøyta fram gjennom ei trong opning, frå Hardanger (Ullensvang, Odda) og tyding 2 sprøyta ut ei fin stråle, frå Hardanger, Vest-Telemark og Agder).

spræne, f. (På uthusveggen / ei spræne av snøballar, «Dropar –» s. 27; Ross 1895 spræna i tydingi væskestråle, av fleire slag; velkjent ord hjå alle vaksne folk i Ulvik i formi spre±2na med trong , so sprena, v., sjå ordet framanfor, må ha gjeve rotvokalen -e- i målf.; mi utspørjing hausten 1995).

spækja, v. (Snø og stormar, veit me, kjem te spækja / dei som let si blomeklokke upp, «Glør –» s. 106, fotnote med tydingi her skræma; Aasen 1873 og Ross 1895 tyding 1 frysa, stivna, få ei isskorpe; her då skræma med frysing, isskorpe).

stapla, v. (Men eg – / og staplar kassane i kjellaren, «Dropar –» s. 58; Aasen 1873 og Ross 1895 stopla, Nynorskordboka 1986 både staple og stable i tydingi leggja opp i stapel, tett lag, Aasen 1873 stopul, tyding 3; løda).

sterte, f. i vendingi stumpa sterte (for de vil ståka / og stumpa sterte, «Glør –» s. 51, fotnote s. 52 med tydingi støyta stålhuve; slå kollbøtte; Ross 1895 har «Stumpa Sterta» frå Sunnhordland og Hardanger på stert, m.; i Suldal stupa sterte, etter Sigurd Sandvik, «Tillegg til Suldalsmålet» 1996, s.138; velkjend vending hjå alle vaksne i Ulvik etter mi utspørjing hausten 1995).

stika, v., skrive stìka (når soli gjenom op i trei stìkar, «Glør –» s. 31; Ross 1895 med (i’), for open i, i tydingi varma sterkt, «steikja»; om soli, frå Sunnhordland (Etne) og Nordfjord (Stryn)).

stikka eller stinga, v., skrive stokken i perf.part. m. (og ei [skål] stend og haltar / på stokken fot, «Dikt i utval» 1964, s. 46 og «Dikt i saml.» 1972, s. 42 og 1993, s. 57; Aasen 1873 stinga tyding 1 støyta med odd eller spiss; etter Nynorskordboka 1986 driva, føra ein spiss og kvass reiskap inn i noko(n); her då i tydingi skadd med stikk).

stinkla, v. (ved stinkla tjørnar / frys finntopp-tuster, «Glør –» s. 42, og fotnote s. 43 i tydingi med tunn, nyfrosi isskorpe; Aasen 1873 stinka med formi stinkla frå Nordhordland, og Ross stinkla frå Hardanger og Sogn i tydingi stivna, verta hard, serleg frysa til, leggja seg tunt islag, på sjø eller vatn; svært vanl. i Ulvik stiM2kla pao hjå alle vaksne folk etter mi utspørjing hausten 1995; velkjent i Sogn òg).

stjernestrøydd, adj. perf. part. (slik han [Odin unge] ein gong reid i eventyret / i sine stjernestrøydde skogar, «Spør v.» s. 79; av strøya, v. Aasen 1873 i tydingi spreia, lata drysja; her då som er strøydd, no òg strødd, med stjernor, spreidd utover med stjernor).

stjorn, f. (og vis manns råd er god i styr og stjorn, «Hjeltnes» 1941, s. 5; Aasen 1873 tyding 1 orden med omsyn til hus eller gods, hushald; etter Nynorskordboka 1986 styre og stell; hushald).

stokken, v. perf. part. sjå stikka eller stinga, v.

storved, m., skrive stòr- (Ei gamal bjørk fær snart / raude merke av stòrved, «Spør v.» s. 59; Aasen 1873 stora, v. i tydingi rotna, om tre, frå Sogn, og stå¿2ra6 er heilt vanl. i Indre Sogn; Ross 1895 har stora, adj. (part.) = fausken, frå Voss; tydingi her er då ved som har stora, rotna).

storvorenskap, m. (for stas og storvorenskap, «Norsk Hagetidend» 1943, s. 64; tydingi er det å vera storvoren; Aasen 1873 storvoren tyding 1 noko stor eller dryg, og 2 stor på det, stolt, kaut, frå Gudbrandsdalen og fleire stader).

strangastege, m. (at strangastegar / eller venger / snautt forslo [til å nå stjerna], «Seint r.–» s. 13; tydingi er stege laga av strangar; Aasen 1873 strange i tydingi stokk, trestamme; mindre tre der toppen og greinene er avhogne).

stratten, adj. (hanen vart stratten, «Dikt i saml.» 1993. s. 56; Aasen 1873 under stratta, v., i tydingi tverr, som set seg imot, frå Sunnhordland; etter Ross 1895 = stranten).

stridhærd, adj. (I blåe sumarkveldar vil eg ta ein veg / i stridhært korn, «Dikt i umsetj.» 1992, s.33; Nynorskordboka 1986 i tydingi som har stivt, stridt hår; men jamfør heller Aasen 1873 og Ross 1895 stridkorn i tydingi korn av det fyldigaste og mest tungtvegande slaget; òg stridhavre og stridbygg).

-strilut, adj. sjå solstrilut.

strok, n., skrive stròk (- No kann du gå / på stròk, um du treng, «Glør –» s. 82; tydingi er det å stroka, vera på nattlauping; jamfør Aasen 1873 tyding 5 samanstimling, uro, leik og støy, og Ross 1895 tyding 5 har «Gaa ut paa Strok», frå Hardanger òg).

stroka, v., skrive stròka (Eit barn under bringo hadde ho att / – til minne um han som stròka, «Glør –» s. 62; tydingi er vera på nattlauping, dvs. på nattefriing; jamfør Ross 1895 tyding 2 gå til eit lag, eit «Strok»).

strokar, m. skrive stròkaren, bundi form (Og stròkaren spela frå sans og hug / gjenta, som låg innpå hjallen; med tydingi nattlaupar etter fotnote s.63, dvs. nattefriar; skikken er heilt avlagd no, men alle vaksne folk i Ulvik har høyrt om skikken etter gamle folk og kjenner dei tre ordi her, etter mi utspørjing hausten 1995).

-strokk, m. sjå eplestrokk.

struten, adj. (til struten kart i lauvet mulen rukka, «Dropar –» s. 65; jamfør Aasen 1873 strut i tydingi tut, framståande røyr; òg snute; Ross 1895 har adj. i tydingi lik ein strut; her då som liknar ein tut, står fram, om kart).

strype, n. (ho [elvi] – støyper seg kald i strype, «På Ørnet.-» s. 25; Aasen 1873 tyding 1 stad der noko smalnar, vert trongare, innsnøring).

-strøydd, adj. perf. part. sjå stjernestrøydd.

stull, m. (sting solspjot bjarte stullar / i skodd og regntung sky, «For bygd og by» 1943, Nr. 9, s.12; Nynorskordboka stoll eller stull i tydingi vassrett gruvegang, til skilnad frå sjakt; Hauge skriv i brev 22. mars 1994 at han har lært ordet i bøkene åt Kristofer Uppdal, og Uppdal brukar det ofte, t.d. i «Solbløding» 1918, s. 65, «Stigeren» 1919, s. 128 og 175, etter setlar i arkivet åt Norsk Ordbok; Hauge nyttar ordet i overførd tyding om gangar, strålar av sol).

stumpa, v. i vendingi stumpa sterte sjå sterte.

-stylk, m. sjå maisstylk.

styving, m. (som styvingen / i sitt fyrste rus, «Seint r.–» s. 26; Aasen 1873 og Ross 1895 tyding 2 halvvaksen gut, frå Sogn og Hordaland, og tyding 3 dum, tosken, ukunnig person, Ross 1895 frå Hardanger òg).

stålhuve, f. (støyta stålhuve, «Glør –» s. 52 i fotnote til tydingi av stumpa sterte; Aasen 1873 – huva med tydingi slå kollbøtte, frå Nordre Berg. = Sogn og Fjordane).

sula, v. (I sjumils-salar sula fjerrgrå jotnar, «Hjeltnes» 1941, s. 4; Aasen 1873 i tydingi taka lange steg, strekkja ut; Ross 1895 frå fleire målf., Hardanger òg).

sulnesleg, adj., skrive sulneslæ etter målf. (høgt uppi bratta sulneslæ berje, «Glør –» s. 86, fotnote med tydingi svimrande; Aasen 1873 har sulna, v. frå Hardanger på oppslaget svimra, og Ross 1895 har sulnug, adj. frå Hardanger på svimrug; Hauge skriv sulnesleg (um høgd) i «Gamalt frå Ulvik» 1944, s. 73, og Nils O. Børsheim har sulneslæ i brev 22. juni 1967, men ingen i Ulvik kjenner denne formi no, etter mi utspørjing hausten 1995, dei seier berre sul2nen, eller hjå fleire sul2nıge eller -ege, m., men utan -e i f.; sameleis på Voss etter Gunnstein Akselberg; Hauge har både sulnen og sulna, v. i «Gamalt frå Ulvik» 1944, s.72).

susla, v. (Springvatnet suslar der i brunnen sin, «Norsk Hage-tidend» 1942, s. 104, og sylvklårt vatnet suslar i brunnen sin, «Framande dikt frå fire tusen år» 1968, s. 332; seinare bytt ut med droplar i «Dikt i umsetj.» 1992, s. 28; Aasen 1873 tyding 2 skvalpa, gjeva ein klukkande ljod).

suta, v. (Dei reita og remja / og huja og suta, «Glør –» s. 83, og fotnote med tydingi huja sterkt og lenge; Ross 1895 frå Nordhordland og Hardanger i tydingi huja, ropa sterkt; kjent ord i Ulvik, Nils O. Børsheim: – suta so dudlande fint, i brev 28. sept. 1967; su%¿2ta etter gamle folk i Ulvik 1995, mi utspørjing).

svana, v. (Eldhugen svanar, og syngja i skinet av svanande sol, båe i «Sogningen» 8. aug. 1933, s. 2, Den bjarte fargeleik / skal svana i sitt blod, «Gula Tidend» 16. aug. 1938, s. 5, Den eld som brann / er svana ned, «Dikt i utval» 1964, s. 52 og «Dikt i saml.» 1972, s. 17, 1993, s. 23; Aasen 1873 i tydingi verta mindre, taka av; òg lindrast, stillast).

svang, adj. (Å, han [kjøtmeisen] var svang, / kald var han au, «For bygd og by» 1943, Nr. 3, s. 15; Aasen 1873 tyding 1 tom, smal over magen og 2 svolten).

svartbror, m. (Svartbror, svartbror, / har du verkeleg / so fine blomar?, «Dikt i saml.» 1993, s. 255, dikttittel òg der; medan du, / stygge svartbror, / lyser kvit, same boki s. 256; hatlen seier det om heggen som er «myrk i borken», skriv Hauge i brev 29. jan. 1994).

svartepurke, f. (Då eg var liten, dei skræmde meg / med svartepurka og fanten, «Glør –» s. 84, òg i dikttittelen der, og fotnote med tydingi barneskræme fyrr i tidi; hjå Halldor O. Opedal i «Makter og menneske. Folkeminne ifrå Hardanger II» 1934, s. 191 finn me dette dømet: Me skræmde dei [borni] med tussen og svartepurka, so dei sku lyda, og Lars Jaastad, fødd i Ullensvang, skriv svartapurko, bundi form etter målf., i boki «Tre Tun» 1922, s. 50, setel i arkivet åt Norsk Ordbok).

svartøygd, adj. (Regnet piskar / mot svartøygd rute, «Dikt i saml.» 1993, s. 45; Aasen 1873 i tydingi som har svarte, mørke augo; her nytta overført).

sveip, m. (han [logen] slær sveip, «Dropar –» s. 73; Aasen 1873 tyding 1 lokk, bunt av tråd eller strå, men serleg tyding 2 knute, samanknyting; stad der båe endane av eit treband vert feste i kvarandre).

svela, v. (millom svelande lauvsblokkor, «Seint r.–» s. 26; Aasen 1873 i tydingi vimsa, springa hit og dit, frå Hardanger, Ross 1895 på svila, med døme frå Odda og Ullensvang).

svidra, v. (fok-kvite snjoen svidra / og i augo skar, «På Ørnet.-» s. 38, og med fotnote i tydingi svida; skina kvast; Ross 1895 tyding 1 leda, flytta seg fram og attende i stutte usikre svingingar; vimsa, spela, frå Setesdal og Hardanger (Odda, Ulvik), med fleire døme frå Hardanger).

svig, m. (Og stongi har svig / og endå litt taum, «Seint r.–» s. 35; Aasen 1873 tyding 1 bukting, bøygd stilling; tyding 2 tunne, bøyelege kvistar; vidjeband, frå Hardanger og Sogn òg, høver ikkje her).

-svøygd, adj. perf. part. sjå vindsvøygd.

syfta, v. (Eit snøland søv i sør som sylvskaut syfter, «Hjeltnes» 1941, s. 4; Aasen 1873 v.a. 1. med tydingi svinga, rista, halda i ei svaiande eller viftande rørsle).

sylvskir, adj. (ein sylvskir haust, «Gula Tidend» 16. aug. 1938, s. 5; Aasen 1873 sylv, n. og skir, adj. i tydingi rein, klår, ublanda; her då rein, klår som sylv, nytta overført om haust).

syta, v. (Fisken syt ikkje / um elvi stig, «Dropar –» s. 43; formi her er sterkt presens, notid, mot vanl. e-v.- bøying med -er; tydingi er klaga, låta ille, kvi seg for; Aasen 1873).

sæla, v. (Mat og drikke sku ikkje sæla, «Glør –» s. 103, fotnote med tydingi gjera lukkeleg s. 104; Aasen 1873 tyding 1 frå B. Stift = Bjørgvin bispedøme).

sæleblik, n. (men stundom høyrest i sæle-bliket / den grove kvernsong tå Grottes mål, «Glør –» s. 103, fotnote med tydingi lukketidi s. 104; samansett av sæla, v., sjå ordet føre dette, og blik, n. Aasen 1873 tyding 1 veik ljoske eller glans, men tydingane 2 og 3 i Norsk Ordbok 1966 på II blik ligg nærare med blikk, augnekast i 2 og serleg 3 augneblink).

sål, f. (og elsk i ei tegjande sål, «For Bygd og By» 1932, s. 82; rim skål; Aasen 1873 i tydingi sjel).

sårmod, n. (syng um din kjærleik, um sårmod og sut, «Sogningen 8. aug. 1933, s. 2, Sårmodet skin i ditt drøymande auga, «For bygd og by» 1942, Nr. 18, s. 8, med sårmod av eit solarglad, «For bygd og by» 1943, Nr. 1, Andre umslagside og i «Glør –» s. 25; tydingi er sårt mod, sår hug, mild og sorgsam tilstand i hugen; i Nynorskordboka 1986 med tydingi vemod; det finst mange litterære døme i arkivet åt Norsk Ordbok).

Ordlista er gjengitt med løyve frå Andreas Bjørkum og Samlaget. Takk.

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007