FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

-tak - ålaus

T

-tak, n. sjå torvbardtak.

takdropl, n. (takdropl, «Hordaland», Nr. 5, 19. jan. 1955, s. 4; tydingi er det å dropla frå taket, sjå dropla med tydingi drypa smått, falla i småe dropar).

talm, adj. (Vekk meg or dvalen, talm og trong, «Glør –» s. 12; – or dvale, «Dikt i utval» 1964, s. 16; jamfør talma, v. og talmast hjå Aasen 1873 i tydingi plaga, skranta, tærast bort, serleg av langvarig sjukdom, og Ross 1895 talmen, adj. i tyding 1 småtærande og noko kresen av sjukdom, og 2 slunken, uttærd; båe frå Nord-Trøndelag; Hauge syner i brev 14. des. 1993 til Ross).

tame, m. (Alt tarv si øving, / og alt sin tame, «Glør –» s. 89; Aasen 1873 tyding 1 øving, dugleik, frå Telemark, Hallingdal og fleire).

tarvatrygle, m. (ho [ei laustaus] – / – ein tarvatrygle / for ein og kvar, «Dikt i saml.» 1993, s. 44; Ross 1895 trygle = trygel, frå Hardanger, dvs. lite trog, og Aasen 1873 tarve, m. tyding 2 liten ting, noko som ein legg lite merke til; her då med -a- i sms.; ein tarvatrygle var «eit lite trog som vart bruka til alt. Vart òg brukt um folk», noko nedsetjande, skriv Hauge i brev 29. jan. 1994).

tege, f. (Dei [epli] laga skurv og tege rosor på, «Dropar –» s. 65; Nynorskordboka 1986 tyding 2 insekt, 3-18 mm langt, som høyrer til underordenen teger (sjå tege 1); latin Heteroptera; me seier ei tega, flt. teger, med open e; epletega, latin Plesioconis rugicollis, etter brev frå Hauge 14. des. 1993).

teksla, v. (Eg tekslar treskor, «Glør –» s. 88, og øksar tekslar, og sager gnur, «Spør v.» s. 66; Aasen 1873 i tydingi hola ut, hogga til med ei teksle, laggarøks, liti øks med bogi egg).

tenne, f. (Men livsens kim i orvons fred / si tenne braut, «Seint r.–» s. 60, med fotnote i tydingi hardt skal; Hauge har sjølv sendt inn ein setel frå Ulvik i 1956 til Norsk Ordbok med tydingi hardt, piggut skal, men i brev til meg 14. des. 1993 skriv han «um ordet tenne, eg veit ikkje kvar eg har det ifrå, men tydingi hardt, piggut skal, er vel det eg har meint med det. –, det ser ein av samanhengen». Setlar i arkivet åt Norsk Ordbok har tydingi hovudhår i dyreskalle, frå Trøndelag og Nordmøre, og liknande tydingar frå Nordland, men frå Vestlandet er dømi svært fåe, berre tèdna frå Fjærland i Balestrand, Sogn og tèn9n93 frå Vågsøy i Nordfjord).

tilla, v. skrive med -dl- etter målf. (og dropen tidlar, kom ikkje nær!, «For bygd og by» 1946, Nr. 1.-2., s. 8, i eit dikt omsett frå fransk; Aasen 1873 frå Hallingdal, Gudbrandsdalen og Romsdal, Ross 1895 frå Voss, og Alf Torp, «Nynorsk etymologisk ordbok» 1919 frå Hardanger òg, i tydingi drypa tidt, slik at dropane mest heng saman (=silla); sjå òg Aasen 1873 silla). 

tiltrøyven, adj. (Verseformi hans var tiltrøyvi, om Bertolt Brecht, «Dropar –» s. 54; Ross 1895 tiltreiven, med formi teetrøyven frå Sunnhordland og Hardanger; Halldor O. Opedal, «Hardanger-målet» 1960, s. 99 har tiltrøve: «Da va so tétrøve (U.)» = Ullensvang; tydingi er lett å triva til; ordet er velkjent i noko eldre mål i Ulvik, hjå fleire av mellomgenerasjonen òg, mi utspørjing hausten 1995: vE te±2- eller tí±2tråyven).

timja, v. (– fekk du evna / å timja all rikdom som livet deg gav, «For bygd og by» 1942, Nr. 18, s. 8; Aasen 1873 i tydingi øygna, ha i sikte, kunna sjå, t.d. noko som er uklårt eller langt borte).

tirla, v. (Kløkkjande tonen – / tirlar hjå fuglen stigande or lyng, «Glør –» s. 16; Ross 1895 i tydingi blåsa veikt, lufta, vifta, frå Ryfylke).

Torre, månadsnamn (Var han hard, han Torre, / vert han Einar god, «Glør –» s. 19, fotnote s. 22 med tydingi januar; sjå òg Einar; Aasen 1873 i tydingi februar månad; eller eigenleg: den «måne» som fylgjer nest etter julemånen og for det meste femner om ein stor del av februar; etter Nynorskordboka 1986 frå midten av januar til midten av februar, mellom julemånaden og gjø; seinare helst: januar; namnet er velkjent i Indre Sogn òg: (h)a6n tOr2r3 å (h)o jo8¿, seier me).

torvbardtak, n. (du søkjer dine hyljar / under torvbard-tak, «Seint r.–» s. 35; tydingi er tak, øvste, dekkjande del av bygning, av torvkant, bredd eller rand av eller med torv; Aasen 1873 bard, tyding 1 og Norsk Ordbok I 1966 III bard, n.).

trod, n. skrive tród (Nytt tród er sett imot ei apalkrune, «Hjeltnes» 1941, s. 4; Aasen 1873 tyding 1 stenger, staurar, frå Nordre Berg. = Sogn og Fjordane fylke).

trompeta, v. (Dei hestane / som er att, / har ikkje stort å gjera, / det er å eta, vifta / burt klegg / og trompeta, «Basar – norsk litterært tidsskrift -» 1978, nr. 1, s. 5, med fotnote s. 6 i tydingi prompe; berre prenta der, men attgjeve i Jan Erik Vold, «Under Hauges ord» 1994, s. 333, der i formi trumpeta; «eit humoristisk ord» – Hauge i brev s. 332 for prompa, fjerta; omsett til dansk av Neel Fasting i artikkelen hans «Til Olav H. Hauge» i boki «Tankar om dikting» 1978, s. 50, der omsett med fjerte; tydingi er fisa, sleppa ut luft or endetarmen, med høg, sterk ljod, som støyt i ein trompet; i Norsk Riksmålsordbok 1957 trompete tyding 2 «utstøte en høi, skingrende lyd», serleg om elefant).

tros, n. skrive tròs (under grønskiml og tròs / og solsvide bar, «På Ørnet.-» s. 21; Aasen 1873 i tydingi turre kvistar som har falle av; halvrotne greiner og liknande rusk etter ved og skogshogster).

trosapinn, m. (Eg song um / ein trosapinn, «Spør v.» s. 47, òg dikt-tittel der; pinn eller pinne av tros; sjå ordet føre dette).

trota, adj. perf. part. (det som smyg inn under døri og ligg trota på golvet um / morgonen, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 141; Aasen 1873 i tydingi utmatta, oppgjeven, som ikkje held ut lenger, frå Telemark og Setesdal).

trugen, adj. (trugen yrkedag, «Gula Tidend» 3. mai 1939, s. 4, dei store hesteknei som er trugne mot den jord dei vilde ha, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 141; Aasen 1873 under truen, Nynorskordboka 1986 i tydingi trufast, påliteleg).

trumpeta, v. sjå trompeta.

-trygle, m. sjå tarvatrygle.

-trødd, adj. perf. part. sjå skjott-trødd.

tunglødd, adj. perf. part. (når dette eldberg bryt ei tung-lødd nott, «Seint r.–» s. 58; ordet er samansett av lødd, perf. part. av løda, Aasen 1873 tyding 1 leggja i lad, om ved, og tung, adj. i tydingi tyngjande, trykkjande; her nytta overført i tydingi tunge tankar eller mødor t.d., skriv Hauge i brev til meg 29. jan. 1994).

turk, m. (Han [logen] er – / so sint som ein turk, «Dropar –» s. 73; Aasen 1873 med tilvising til tyrk, på mange stader turk, skriv han; tydingi er tyrkar; òg tyrann, dominerande, omsynslaus person; vendingi sint so a6in türk er velkjend både på Voss, setel etter Nils Lid, og i Indre Sogn).

turke, f. (og at han køyrde / på turka med sekken, «Glør –» s. 76; Ross 1895 tyding 1 turkehus for korn, turkestove; i Midtre Sogn finst både tu%r2ka, f. (Vik, Leikanger) og tu%rk, m. (Sogndal, Aurland), men tu%r2kestå¿va er vanl. i Ulvik (Marita Branstveit), i Ullensvang med -R- (Botolv Helleland), og inst i Sogn berre tür2k3stå¿va6, Årdal, Lærdal).

tus, m. (Kvar dag – / høyrer eg sorgal tus av dei gråe arméane, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 131; tydingi er det å tusa, tala sakte, kviskra, sjå neste ord).

tusa, v. (Rådvill tusar skogen i sitt eige myrker, «Dikt i utval» 1964, s. 150 og i «Dikt i saml.» 1993, s. 175; Ross 1895 i tydingi få fram sakte lydar, frå Telemark; tala sakte, kviskra, frå Vest-Agder og Råbyggjelag; her nytta overført om skog).

tuske, f., i vendingi gå på tusko med bundi form på -o etter målf. (at fan hadde gjenge på tusko, «Glør –» s. 62, fotnote s. 63 med tydingi stròka; (sjå dette) jamfør Aasen 1873 tusk, n. med «ganga paa Tusk» i tydingi springa etter leik og moro, frå Hardanger og fleire stader, men Ross 1895 har tuska, f. og «Gaa paa Tusko» frå SBerg. = Hordaland; «skikken er vel avlagd no», skriv Hauge i brev 29. jan. 1994, og alle vaksne folk i Ulvik kjenner skikken og denne vendingi etter omtalen hjå eldre folk; mi utspørjing hausten 1995).

tussalus, f. (Men når tussalusi kviskrar, / skal du akta deg, «Dropar –» s. 10; Ross 1895 tusse- i tydingi munkelus, frå Sunnhordland).

tusul, m. (Spør vinden, / helst han tusul, «Spør v.» s.48; Aasen 1873 og Ross 1895 tyding 2 stakkar; liten og usjåleg fyr, person som er lite tess og får lite gjort; her er det vel eit namn på vinden).

tåna, v. (Um bleike tåna lende / legg soli gull kanhende, «For bygd og by» 1943, Nr. 9, s. 12; Aasen 1873 i tydingi verta tåen, snøberr, frå Voss, Hallingdal og fleire stader).

U

udle, f. sjå ulle.

ufløygd, adj. perf. part. (Ufløygt, slik / er vegen din, «Seint r.–» s. 52; Aasen 1873 i tydingi som er uskikka til å flyga; jamfør III fløygd i Norsk Ordbok III 1994 tyding 1 b om sms.).

ulle, f., skrive udle, i flt. udlor, udlone i bundi form, med -dl- etter målf. (eg gjev dei fatige ei udle og tvo!, Ho talde upp udlor, båe dømi i «Glør –» s.65; udlone gnog dei, same boki s. 77; han [finntoppen] stakk / kvasst under udla når me bar turrhøy, «Festskrift til Knut Horvei på 90 års dagen 1983» s. 25, og i «Dikt i saml.» 1993, s. 165, med formi kvast der; tydingi er skjorte av vadmål etter fotnote i «Glør –» s. 65; Aasen 1873 ulla i tydingi sid ulltrøye; vadmålsfrakke; alle vaksne i Ulvik kjenner godt dette ordet i tydingi som Hauge gjev opp; mi utspørjing hausten 1995),

um, prep., adv., i vendingi vera um å (når ho [siderflaska] – / og er um å sprengja korken, «Spør v.» s. 45; Aasen 1873 tyding 9 i ferd med, og mot slutten der Han var um å venda, frå (Søndre Berg.) = Hordaland; tydingi er vera i ferd med å, halda på å (gjera noko); vendingar som da va omm å jE±2ra, han va omm å snud2de, frå Ulvik etter eldre folk og vE±2ra6 omm å (snu±, dEt2ta6, t.d.) er vanl. i Indre Sogn òg).

une, m. (Une / og skuggelogn og livd gjev gamle tre, «Hjeltnes» 1941, s. 4; Aasen 1873 og Ross 1895 i tydingi trivnad, hugnad, hyggje, frå fleire kantar av landet).

uppstadmund, f. (Ei uppstadmund sat du / i fjørene til solørni, «På Ørnet.-» s. 63; Aasen 1873 i tydingi tid då ein plar stå opp om morgonen (= rismål), frå Sunnmøre og fleire stader).

urla, v. (Som eit auga svart og blankt / urlar kjelda hegi brotet, «For bygd og by» 1941, Nr. 9, Andre umslagssida; berre nytta der denne eine gongen i diktet «Kjelda», seinare bytt ut med idar: idar kjelda under brotet, «Glør –» s. 29; tydingi er sikla, kvervla, strøyma = ida; jamfør Ross 1895 urgla frå Setesdal i tydingi kvervla, gå i småe kvervlar).

V

vakemann, m. (Vakemann / ventar på / nappi / nedanfrå, «Dropar –» s. 67, fotnote med tydingi kvist til å festa fiskesnøret i; fyrstelekken er til vaka, v. Aasen 1873 tyding 3 visa seg i vass-skorpa, symja ovanpå; i Nynorskordboka 1986 sett opp som III vake; ordet er so godt som ukjent i Ulvik no; mi utspørjing hausten 1995).

vebiten, adj.- perf. part. sjå verbiten.

-ved, m. sjå storved.

veidn, f. (veidni til slutt er den ville, kvite svana, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 111; Aasen 1873 frå Hallingdal og Sunnmøre, Ross 1895 frå Valdres, i tydingi fangst, fengd, etter veiding eller fiske).

veile, f., i bundi form òg veilo med -o etter målf. (Slik snerta handi so tidt i veila, «For bygd og by» 1946, Nr. 1.-2., s. 8 i eit omsett dikt; og leita etter veilo, «Glør –» s. 110, rim ho var heil, ho; når De peikar på veilone, fotostatkopi av brev dagsett 27. oktober 1967 i Jan Erik Vold, «Under Hauges ord» 1994, s. 12, men ved ei lei mislesing skrive nålone, s. 215; Aasen 1873 i tydingi sprekk, sprunge (i metall); etter Nynorskordboka 1986 tyding 2 skjemmande eigenskap; lyte).

vele, n. (Smeden slo han [vêrhanen] / med vele og kamb, «Dropar –» s. 26; Aasen 1873 i tydingi stjert, hale på fugl).

vengla, v. (ei apalkrune / som venglar blomar yver tunet ned, «Hjeltnes» 1941, s. 4; venglande fivreld blåe, «Under b.» s. 51, at du var venglande fjør, same boki s. 65; Mot elvestryket vengla / ein klohoggen hauk, «Seint r.–» s. 31; Og det vesle skipet venglar heim, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 58; Aasen 1873 i tydingi flagra, flyga skeivt og ustadig (som visse insekt), frå B. Stift = Bjørgvin bispedøme; jamfør vingla). 

venglett, adj. (ei venglett gåve!, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 53; tydingi er lett, som har liti vekt, som ein veng, flygereiskap på fugl eller insekt).

vengskoten, adj. perf. part. (ikkje fuglen som vengskoten dala, «Under b.» s. 48; tydingi er som er skoten, skadd med eit skot, i vengen, so han ikkje kan flyga).

verbiten, adj. perf. part., skrive vèbitne, flt. (der gamle / vèbitne skarvar – – / – stør olbogane, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 102; eg har sett ordet på ver-, for formi - er ein prentefeil som Hauge har stadfest i brev 29. jan. 1994; Aasen 1873 veder-, frå Nordland, no vêrbiten, i tydingi merkt, farga av vêr og vind, i andletet).

vindblik, n. (og vindblik kjem ifrå svale nattland, «På Ørnet.-» s. 11; Aasen 1873 og Ross 1895 blik i tydingi veik ljoske eller glans, serleg på vatn med spegling av klår himmel; her då av vind).

vindgul, n. (der snøfjell speglar seg, og vindgul blès, «Hjeltnes» 1941, s. 4; Ross 1895 har vindgul = gul, frå SBerg. = Hordaland, og gul tyder jamn lufting som ikkje varar lenge, er heller stutt, frå Sunn- og Nordhordland og Hardanger; her då med vind).  

vindhogga, v. (Stjernor vindhøgg mot vøter [dvs. vinter], «Glør –» s. 48, fotnote med tydingi blinkar (fyre kulde) s. 49; Ross 1895 med tydingi opna og lata att augo mange gonger, oppatt og oppatt, utan å tenkja seg om eller vilja det, frå Hardanger; eigenleg då hogga med eller mot vinden, om augo).

vindsvøygd, adj. perf. part. (so mjuk som vindsvøygt strå på red, «Glør –» s. 13; Aasen 1873 sveigja med svøygja frå Nordhordland og Voss, Ross 1895 med -øy- frå Indre Sogn og Hardanger òg; svåy2ja er vanl. i Ulvik, etter eldre folk, og svOï2ja6 er eineform i Årdal, Lærdal og på Borgund; tydingi er gjera boge, bøya, her då av vind).

vinglen, adj. (i einsam gråt på vinglen veg, «Glør –» s. 25; dette diktet har vore prenta fleire stader før, fyrst i bladet «Sogn» (seinare «Sogn og Fjordane») nr. 26, 30. juni 1933, so i «Gula Tidend nr. 158, 12. juli 1939 og i «For bygd og by» 1943, Nr. 1, Andre umslagside, og endeleg i «Glør –» s. 25-26; i seinare utval og «Dikt i saml.» er diktet utelate; Ross 1895 under vingleleg i tydingi vinglet, vinglevoren)

visshøvd, adj. (den bundne duva / – er dotti / for ei visshøvd pil; Bruk ikkje sandpapir der ein visshøvd kniv har skore, båe dømi i «Dropar –» s. 48; formi er brigda til visshøv i «Dikt i saml.» 1972, s. 196 og i 1993, s. 217; i målf. finn me visshøvd’e frå Suldal, Sigurd Sandvik, «Suldalsmålet» 1991, s. 282, med døme på teksla, f.; Aasen 1873 visshøv med tydingi sikker til å treffa det ein siktar til; formi -høvd er vel eigenleg til høva, v., so svært høveleg, god må liggja nær).

vitring, f. (Vitringar som vilde han gjeste, «Under b.» s. 48, rim feste, adj. perf. part. flt.; Aasen 1873, og Ross 1895 frå Hardanger òg, i tydingi varsling, melding; vink).

væmen, adj. (ufrisk og væmen, «Glør –» s. 100, fotnote med tydingi smaklaus, flau, vammel; Ross 1895 tyding 1 er lik tydingi hjå Hauge, frå Sogn og Hardanger).

Ø

øgjesgang, m. (Himmelmyrkn og lagnadsnott, / gravglufs, øgjesgang!, «På Ørnet.-» s. 62; jamfør Aasen 1873 øge, m., øgja, v., øgjeleg og øgjen,adj. alle med tydingi skremsle, skrekk, gjera redd, fælsleg, skræmeleg; Ross 1895 har òg sms. med -s- i øgjeslaus, adj. og øgjesløysa, f. frå Indre Sogn; o8¿2j3n, serleg dE va6 o8¿2j3 er heilt vanl. i Indre Sogn, Årdal, Lærdal, med -g- Luster-Hafslo; tydingi her er då fælsleg, skræmeleg gang eller gonge).

ølgeis, m. (Ølgeis gjema, «Glør –» s. 80, fotnote s.83 med tydingi øldunst, ølrap; Aasen 1873 i tydingi øldamp).

øydn, f. (Han [kvernfossen] taut sitt gnål / i ubygd øydn, «For bygd og by» 1943, Nr. 12, s. 12; So er han åleine, att er berre øydn, «Dikt i umsetj.» 1992, s. 112; Aasen 1873 øydna, og øydn, f., frå B. Stift (= Bjørgvin bispedøme) i tydingi det å vera tom og aud, ro, stille, aud tilstand; òg i sms. flodøydn, sjå dette ordet)

Å

åkorn, n. (Finn so eit åkorn, / som er til gnaga, «Glør –» s. 45, fotnote s. 46 med tydingi eikenòt; Aasen 1873 har formi «Aokodn» frå Hardanger, ««Aakonn», Nedenæs og fl.»; Ross 1895 frå fleire stader; ordet er heilt ukj. i Ulvik no; mi utspørjing hausten 1995).

ålaus, adj., sjå avlaus

Ordlista er gjengitt med løyve frå Andreas Bjørkum og Samlaget. Takk.

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007