FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Hauge og Tveitt på Facebook

Hauge og Tveitt på Facebook.
- OLAV H. HAUGE
- A Tribute to Geirr Tveitt (1908-1989)

Då Hauge og Tveitt var unge fanst ikkje ein gong Internett. I dag har dei fått sine eigne fan-grupper i nettsamfunnet Facebook.

 

I gruppa OLAV H. HAUGE kan ein telje 59 medlemmer, Geirr Tveitt kan skilte med 75 i gruppa A tribute to Geirr Tveitt (1908-1981).
Dei fleste aldersgrupper og begge kjønn er godt representerte i begge gruppenes medlemstal.

I gruppene diskuterer dei mellom anna "favoritt OHH-dikt", "Gullkorn av Olav H. Hauge" og "What is your preferred piece of music composed by Geirr Tveitt?", dei legg også ut bilete av jubilantane. Skapar av Hauge-gruppa, Stefan Andreas Sture, har dessutan vore på besøk i Ulvik og sett heimen til Hauge. Bileta frå besøket ligg ute i gruppa til ovundring for dei andre medlemmene.

På spørsmål om kvifor han valde å opprette gruppa svarar Sture at han gjorde det fordi det er gøy med Facebook, og fordi han er ein stor fan av Hauge.

Sture kom i kontakt med Hauge i ungdomsåra. - Eg fekk Moderne norsk lyrikk, ein antologi, til 18-årsdagen. Der var det fleire Hauge-dikt, fortel han.

Sture arbeidar som lærar i den vidaregåande skulen, yrkesfagleg retning. Og sjølv om han bur i "bokmål-land", som han kallar det, er det ikkje noko hinder å bruke Hauge i undervisinga. - Eg får ikkje brukt det så mykje som ønskjeleg, men det er nok svært få elevar eg har hatt som ikkje veit at eg likar Hauge.

Dersom du er innehavar av ein profil på Facebook og fan av Hauge eller Tveitt,
 er det altså berre til å melde seg inn i nevnte grupper.

Besøk gruppene her:
http://www.facebook.com/group.php?gid=7979912138 (Hauge)
http://www.facebook.com/group.php?gid=5792926439 (Tveitt)

 

 

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007