FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Lars G. Polden - maleri inspirert av Hauge-dikt

Utstilling
Opnar
11.07 kl. 18:00
Stad
Hjadlane galleri
Står til
30.08
Vev
www.osa.no

"Eg har i mange år vore oppteken av Olav H. Hauge sine ord. Desse orda skapar bilete i mitt indre. I anledning av at det er 100 år sidan Hauge vart fødd, har det vore naturleg å gje desse bileta ei form som gjer at andre og kan sjå dei. Eg vonar at bileta kan vere til glede for andre slik Hauge sitt livsverk har vore til glede for meg."

Slik skriv kunstnaren Lars Gunnar Polden i invitasjonen til utstillinga som no opner i Hjadlane galleri i Osa i Hardanger. Utstillinga syner ei rekkje maleri med motiv henta - meir eller mindre bokstaveleg - frå dikt av Olav H. Hauge.

Polden kjem frå Nordmøre, men er i dag ein Hardanger-kunstnar. Han har stor erfaring og er kjøpt inn av institusjonar som Norsk kulturråd, Oslo kommune og Troms Fylkeskommune. Utdanninga si har han frå Bergen kunstandverkskule. Hjadlane galleri husar òg Polden sitt atelier, og verkstad hans.

Du kan vitje Hjadlane galleri si heimeside på osa.no.

Utstillinga står til 30. august.

Foto:
1: Utsnitt frå biletet Du hengjer ikkje hatten på ein solstråle (maleri: Lars Gunnar Polden)
2: Lars Gunnar Polden (foto: osa.no)

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007