FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Den gamle mannen og kjærleiken

Olav H. Hauge fann kjærleiken då han var godt over 60. Det ser ein i dikta hans.

av Hilde Kristin Strand

”Til henne som sende meg ei plate med Bach og Händel” heiter eit av dikta Olav H. Hauge skreiv. I seinare utgåver er ”henne” bytta ut med ”Bodil”. Og Bodil er Bodil Cappelen, kvinna Olav H. Hauge  gifta seg med i januar 1978. Då var det berre nokre månader til Hauge fylte 70 år.

Debatten om ein historisk-biografisk lesemåte er, og har vore, lang og vanskeleg. Skal ein sjå vekk frå alt ein veit om forfattaren når ein les noko han har skrive? Eller skal ein gå ut i frå at eg-et i teksten er det same som forfattaren? Kan ein kvinneleg forfattar skriva om eit mannleg eg, eller er det vanskeleg fordi ein manglar personleg røynsle? Ofte er det ikkje eit enkelt svar på desse spørsmåla, heller ikkje når det gjeld Olav H. Hauge sine dikt. Men å visa at dikta hans endra seg etter at han trefte Bodil Cappelen, er mogeleg.

Olav H. Hauge levde åleine i Ulvik store delar av livet. Det er ikkje tvil om at han hadde venninner, kanskje òg venninner som han håpa kunne verta noko meir, men det vart aldri det. Nils Hellesnes skriv i ein artikkel til Hauge sin 60-årsdag at Hauge ikkje skriv kjærleiksdikt. Hellesnes tek då føre seg til og med Dropar i austavind. Men om ein ikkje er heilt samd med han, og viser at mellom anna ”Dette lyt du bera” frå Under bergfallet handlar om kjærleik, er det uansett ikkje eit lukkeleg kjærleiksdikt. Siste strofe er slik:

 

I draumar fær du

ender og gong,

kliva bergi,

ro vatnet,

drepa draken,

koma til henne.

Soleis vert ditt liv

fullbyrda.

 

Då Olav H. Hauge nokre år seinare vert spurd om å redigera ein antologi med kjærleiksdikt for Den norske Bokklubben, takkar han nei. ”Kjærleik? Visst har eg lese og høyrt um han, og har sjølv òg fleire gonger vore fengd med feberen, men noko røynsla i dette djupe mysteriet har eg ikkje, og det bør vel ein [som] skal velja dikt til ei slik samling, ha”.

Men så kom Bodil. Ikkje med storken, men med posten i 1970. Ho hadde lese nokre av dikta hans, og sende brev som ei impulshandling for å takka for dei flotte dikta. Bodil var gift, hadde to barn, tekstilkunstar og budde på Austlandet. Lenge brevveksla dei, Bodil skulle koma på besøk, men det vart liksom ikkje noko av. Men i 1974 kom ho. I mellomtida hadde ho vorte skild. I februar året etter vart det avgjerande brevet sendt frå Ulvik. ”Det var ein ting eg skulde ha sagt (Kanskje du forstod det) fyrr du reiste: vil du flytta hit, so er det greidt det”.

Midt på 1970-talet meinte Hauge at diktarkjelda hans var tom. Etter kritikarsuksessen med På Ørnetuva i 1961 og dei meir folkelege suksessane med både Dropar i austavind og Spør vinden, var det ikkje tenkt å koma fleire dikt frå Ulvik. Men i Janglestrå, som er ei lita samling som ”heng på” Dikt i samling i 1980, kjem kjærleiksdikta på rekke og rad. Først Teppet, der det heiter ”Vev meg eit teppe, Bodil/vev det av syner og draumar/vev det av vind-”. Deretter ”Til Bodil som sende meg ei plate med Bach og Händel”, og så ”Svevn”. Dette diktet skildrar den fysiske delen av eit ekteskap, noko Hauge sannsynlegvis ikkje hadde røynsle med før han trefte Bodil. I eit brev roa ho han; ho hadde lese ein stad at det ikkje var noka hinder at han var over 60.

 

Lat oss glida inn

i svevnen, i den

logne draumen,

glida inn – tvo

deigemne i den

gode bakaromnen

som heiter natt.

Og so vakna

um morgonen

tvo gylne

kveitekakor!

 

Dette diktet skildrar Sigrid Bø Grønstøl i ein artikkel frå 1988 som det vakraste og varmaste frå dobbeltsenga i norsk litteratur til no. Her er det to likestilde subjekt som glir inn i bakaromnen. Men akkurat omgrepet ”glida inn” gjer at Idar Stegane les det som eit erotisk dikt. ”Her skal dét lykkast som aldri var avklart før”, skriv han.

Ein ser altså at kjærleiksdikta for alvor vart skrivne etter at Olav H. Hauge trefte Bodil Cappelen. Fleire av dikta kan lesast som noko meir enn eit kjærleiksdikt; i ”Teppet” vil eg-et til dømes bruka det for å reisa til ei anna verd. Men det er ikkje berre dikta som har eit kjærleiksmotiv som har endra seg. Generelt finn ein fleire lystige, gjerne litt ertelystne dikt. Eit av dei er ”Ny duk”.

 

Ny gul duk på bordet.

Og nye kvite ark!

Her må då ordi koma,

her som er så fin duk

og so fint papir!

Isen la seg på fjorden

so kom fuglane og sette seg.

 

I dagboka, etter å ha takka nei til å redigera ein antologi med kjærleiksdikt, filosoferer Hauge kring kvifor det er dei ulukkelege som diktar best. Jan Erik Vold summerer opp diktinga hans i artikkelen ”Et livsverk legges fram”: ”Likevel er hans privatliv, hans drømmeliv og hans diktliv blitt noe annet, etter at hun kom ’som sende meg ei plate med Bach og Händel (….). Dette er, hos Hauge, noe så sjeldens som forelskelsens lykke”.

Kjelder
Olav H. Hauge: Dikt i samling

Nils Hellesnes: ”I aldehagen under bergfallet”.

Frå Einar Bjorvand og Knut Johansen: Olav H. Hauge. Ei bok til 60-årsdagen 18.august 1968

Olav H. Hauge og Bodil Cappelen: Brev 1970-1975

Olav H. Hauge: Dagbok 1924-1994

Idar Stegane: ”Elskande-skapende-omskapende”. Frå Peter Stein Larsen, Lousie Mønster og Claus Falkenstrøm: Litterære metamorfoser. Festskrift til Anker Gemzøe.

Sigrid Bø Grønstøl: ”Kjærleikspoeten Olav H. Hauge”. I Syn og segn nr 3 1988.

Jan Erik Vold: Under Hauges ord

Foto

1. Bodil Cappelen og Olav H. Hauge (Foto: Bodil Cappelen / Ulvik lokalhistoriske arkiv)

2. Hauge. Utsnitt frå større bilete, 1967 (Foto: Olav Vesaas / Ulvik lokalhistoriske arkiv)

© Reaktor 2007