FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Galskap og kreativitet

 

Frå gamalt av har ein hevda at der er større førekomst av sinnslidingar hjå kunstnarar enn hjå andre menneske. Olav H Hauge si sjukdomshistorie føyer seg dermed inn i ei lang historie av kunstnarpersonlegdomar med tilsvarande lidingar. Men er dei føresetnader for kvarandre – ’galskapen’ og kreativiteten?

av Ida Habbestad, Mic Media

«It is, indeed, a long time since I wrote a word in my diary. Several years, I think. Many things have happened, many good days have passed since I wrote last time. Let me recall those memorable days at Hjeltnes. In due time after the Examination I (went back) returned to Hermansverk. I had got a severe cold and went suddenly mad. Completely. My father was asked to come and he was compelled to bring me to an asylum at Bergen. Having been there a short time and recovered at little, but got a new attack and was then brought to Valen sykehus. There I stayed all the time except for a few months spent at home. I am sorry to say that my father found he could not have me at home. 19 august 1937, however, I was returned, and am now in fairly good health, I think.»

Orda er Hauge sine, datert 20. oktober 1937. Den elles så flittige dagbokskrivaren har vore taus i tre år. I ettertid meddeler han lite om opplevingane frå Valen sjukehus, og på førehand er det heller ikkje mykje som vitnar om det komande utbrotet. Kanskje er der eitt unntak i den siste nedteikninga, datert 11. mars 1934, for også denne er notert på eit lett distansert engelsk: «Have just passed the Examination at the Horticultural School at Hjeltnes. The result was fairly well. (Teori 1.58, arbeid 1,60) I got ill and had a bad time during the examination days. Have recovered a little.»

Gjennomgåande skriv forfattaren lite om sinnslidinga, men det er likevel sterk lesnad mellom dagbokpermane. Me får innsyn i eit menneskesinn – og eit kunstnarsinn. I hovudsak gjennom kvardagslege betraktningar og refleksjonar til dei hundretals bøkene han las, men òg gjennom dei augneblinka der livet raknar, og han set ord på det, heilt enkelt. «I went suddenly mad. Completely.»

Frå sinnssjuk til alvorleg sinnslidande

«Schizofrenia» vart diagnosen ein gav Hauge i 1934, ein diagnose som sat lausare den gongen enn i dag. I Hauge-biografien Mitt liv var draum fortel Knut Olav Åmås meir om dei i alt fire tvangsinnleggjingane, og me følgjer forfattaren frå han på midten av 30-talet finn seg på store, urolege sovesalar, manglar privatliv, går på tunge medisinar og vert handsama med elektrosjokk. Til han på 60-talet møter mildare omstende – og omgrepet ’sinnssjuk’ vert bytt ut med ’alvorleg sinnslidande’ (men stadig – og kanskje tiltakande – med sløvande handsamingsformer).

Gjennom førre århundret skjedde ei stor omvelting innan psykiatrien, og i dag er det sannsynleg at Hauge ville fått ein mildare diagnose. «Paranoid psykotisk, eventuelt med innslag av det som vert kalla schizo-affektiv liding. Det inneber ein kombinasjon av det manisk-depressive og vrangførestellingar», skriv Åmås i biografien.[1]

Åmås fortel òg om korleis dette maniske er særleg tydeleg når Hauge på vårparten 1966 skriv hundre nye dikt, som han brenn opp men rekonstruerer dei alle den same sommaren[2]. Og ein merkar seg at det går om lag fem år mellom sjukehusopphalda, og at dei i regelen kjem rett etter at forfattaren har ferdigstilt ei ny bok. Slik kan ein kan spørja seg kor nært samanknytt skapargjerninga og utbrota av sjukdomen faktisk er – og om galskapen og det kreative er føresetnader for kvarandre?

Den vage grensa mellom geni og galskap

«Det er velkjent at det er større hyppighet av sinnslidelser hos kunstnere enn hos vanlige mennesker, noe som antyder at de er mer følsomme og vare enn andre, og kanskje nettopp derfor er i stand til å produsere og slippe gjennom stoff andre ikke er i stand til å produsere eller få ut. Fra gammelt av har det vært hevdet at grensen mellom geni og galskap ikke er skarp», skriv professor i psykiatri, Nils Retterstøl, i boka Store tanker, urolige sinn. Der portretterar han 21 statsmenn og kunstnarar – alle med psykiske lidingar.

For om ein vil er det ikkje vanskeleg å finna døme på store kunstnarar, forfattarar, musikarar og andre kreative personar som har slite med psyken, i større eller mindre periodar gjennom livet.

Berre i vårt eige lands kunstnarhistorie finn me mange. Ein av dei er målaren Lars Hertervig, som var sinnssjuk i ungdommen, og som Jon Fosse har portrettert i si bok nettopp med tittelen Melancholia. Ein annan av dei store målarane, Edvard Munch, meinte sinnslidinga var avgjerande for kunsten. Til ein lækjar som freista handsama han, skal han ha uttalt: «Jeg ønsker å beholde disse lidelser. Tar De dem bort, knekker De også min kunst!»[3]

Vidare kan ein nemna i fleng: Dei nyleg jubilerande komponistane Edvard Grieg og Agathe Backer Grøndahl er begge karakteriserte som melankolikarar, og brevvekslinga mellom dei viser at særleg Grøndahl sleit med tungt sinn og redsler. Forfattarar som Henrik Wergeland, Amalie Skram, Tor Jonsson, Agnar Mykle og Gunvor Hofmo – som Hauge sjølv heldt stort av – har alle kvar sine sjukdomshistorier å syna til.

Antikk innsikt

Slik kunne ein teke for seg den eine kulturpersonlegdomen etter den andre – heilt attende til den antikke tid, der Aristoteles påpeikar det store antalet kunstnarar, poetar, filosofar og politikarar med overvekt av svart galle – melancholia.

Hauge kjende til fleire av desse andre kunstnarane, og dessutan til filosofar som Kant og Schopenhauer. Sistnemnde skreiv omstridte biografiar om berømde kunst- og vitskapspersonar, der medisinske tilhøve var i fokus for nettopp å påvisa samanfallet av genialitet og galskap.

«Eg har soleis ofte kome til å tenkja, ut ifrå det eg har røynt sjølv, på ordi til Kant. Han segjer ein stad: ’Ein sinnsforvirra er ein som drøymer i vaken tilstand’. Og Schopenhauer segjer at draumen er eit stutt vanvit, og vanvit er ein lang draum”, skriv Hauge i eitt av mange brev til Bodil Cappelen.»[4]

Den absolutte draum

Berre ein sjeldan gong finst direkte referansar til sjukdomen i dikta til Hauge. Ikkje nødvendigvis avdi det er vondt å minnast den, men avdi ein ikkje gjerne fortel om det dyraste ein har opplevd[5], hevdar forfattaren.

Ikkje di mindre ser ein for seg at utbrota må vera til hinder for han. Ein kan tenkja seg at dei er framkalla av ventetida; uroa for kvar nye bok, for attendemeldingane han vil få; redsla for ikkje å strekkja til med det han lever for. Og sjølvsagt av at han er så isolert, at han manglar nokon nær seg som han kan dela både tankar og kroppsleg glede med.

Ein skal dermed vara seg for å teikna for mystiske og dyrkande bilete av sinnslidingane. Å leva med uro i sinnet er ikkje godt for nokon, og bileta som Retterstøl teiknar gjennom sine 21 portrett, skildrar tøffe menneskelagnader.

Men så seier altså forfattaren at sjukdomen er ein underliggjande føresetnad for han. «Utan galskap kom eg vel ikkje til å gjeva ut noko bok i det heile», skriv han i dagboka si.[6]Visjonane han har – av gudar og gudinner, framande klodar[7]samt anna – dannar særleg grunnlag for kontakta med det kunstnarlege. «Kva er det anna enn den absolutte draum, den absolutte tenkjing, den høgste og mest intense sjelelege uppleving. Du misser kontakti med røyndi, og åndslivet vert den einaste realitet», skriv Hauge om schizofrenien[8].

Kven lever vel eit rikare åndeleg liv?

Og han gjev tidleg uttrykk for at han tek avstand frå det gjengse samfunns-synet at sinnslidande må helbredast: 

"Mange ville folkeslag har serleg vyrdnad for epilektikarar og sinnssjuke og meiner dei er på veg til visdom, og steller dei vel. Kva gjer dei moderne kulturfolk med slike? Dei kallar dei sjuke og handsamar dei deretter. Alle som ikkje er som den gråe masse, er unormale og fårlege. Slik vert dei finaste åndsmenneske i moderne samfunn øydelagde. Dette var noko eg tenkte mykje på i haust, for kven lever vel eit rikare åndeleg liv enn mange sinnssjuke? Men dei skal på død og liv kurerast.[9]"

For Hauge sin del endar det godt, og han kjem seg ut av mønsteret av stadige sjukehusopphald, klarar til slutt å finna eit fotfeste, å vinna att det som er han sjølv og ikkje «den andre mannen». Ikkje alle historiene har enda like vél, og balansegangen mellom sjukdom og lekjing vert stadig sentral.

Sorg er krafts uppkome

lMe veit ikkje sikkert kvifor grensa mellom galskap og genialitet – eller skapartrong – tykkjest vera så hårfin. Rettestøl antydar ei mogleg forklaring; at kunstnarane kan vera særleg følsomme og vare menneske. Men slikt veit ein ikkje. Biletet er umogleg å teikna, og ein kan berre konstatera at der er ein samanheng, på godt og vondt.

Så får ein heller undra seg, stadig med diktarens ord:

 

Lett stig eg på steinane,

frisk elvegufs imot meg,

og eg syng.

Sorg er krafts uppkome,

jøklane græt i soli

kvi gjeng eg lettare mot enn med?[10]

Foto

1. Tett mellom sengene og ikkje mykje privatliv på eit psykiatrisk sjukehus i Norge i 1950-åra. Her er overpleiar Zakarias Antonsen på ein av sovesalane på Valen. (Foto: Valen sjukehus)

2. Olav H. Hauge (Foto: Privat)

Ida Habbestad

er konsertprodusent, utøvande fløytist og deltidstilsett journalist i Ballade. Saman med Hild Borchrevink er ho òg redaktør for Griegjubileet sine heimesider, www.grieg07.no.

idahabbestad (at) mac.com

Kjelder

Til grunn for denne artikkelen ligg Knut Olav Åmås sin Hauge-biografi Mitt liv var draum (Det Norske Samlaget 2004). Nils Retterstøl sin Store tanker, urolige sinn (Damm & Søn 2004) er òg sitert, og dessutan har eg hatt god nytte av å lesa artiklane ”Genialitet og galskap” av Jon Geir Høyersten i Tidsskift for Den norske lægeforening (http://www.tidsskriftet.no/pls/lts/pa_lt.visSeksjon?vp_SEKS_ID=1122473) og

”Kunst, kreativitet og galskap” av Astrid Brekken på nrk.no (http://www.nrk.no/programmer/radioarkiv/pa_livet_laus/2134875.html) Munch-sitatet er henta direkte frå sistnemnde.

Notar

[1] Åmås 2004:89

[2] Åmås 2004:274

[3] Brekken 2002

[4] Her henta frå Åmås 2004:74

[5] Dagboknotat, oktober 1958

[6] Dagboknotat 15. August 1966

[7] Dagboknotat mars 1959

[8] Dagboknotat udatert 1951

[9] Dagboknotat udatert 1951

[10] Frå diktet ”Upp gjennom elvedalen” (Janglestrå)

© Reaktor 2007