FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Olav H. Hauge og Einar Økland (Foto: Jan Erik Vold)
Den yngre Dag Solstad

Olav H. Hauge og dei unge lesarane

 

”Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger. Vi vil ikke forandre tingene våre til fugler og blomster. Vi vil la kaffekjelen være kaffekjelen og se den stå på frokostbordet, blank av aluminium og fylt med rykende kaffe.”

Dette skriv Dag Solstad i teksten ”Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger” frå samlinga Svingstol (1967). Denne korte teksten på om lag to sider summerer Profil-gruppa sin poetikk opp på ein enkel og grei måte. Kven Profil-gruppa var og kvifor dei var viktige for Hauge, kjem eg snart tilbake til.

av Hilde Kristin Strand

Medan Olav H. Hauge stort sett heldt seg heime i Ulvik midt på 1960-talet, skjedde det ting i hovudstaden. Seinhaustes 1965 fekk tidsskriftet Profil ny redaksjon. I utgangspunktet var dette eit tidsskrift for filologistudentane ved Universitetet i Oslo, men det vende seg etter kvart meir utover. Og ein ettermiddag hausten 1965 marsjerte fem-seks unge skribentar inn på kontoret til redaksjonsekretær Otto Homlung. ”Dette er et hold-up. Vi er den nye redaksjonen av Profil. Bladet er for dårlig redigert og for tynt. Vi skal gjøre det bedre”, skal dei ha sagt. Kven var desse skribentane? Kven som var på kontoret til Homlung denne ettermiddagen veit ein ikkje, men Profil sin nye redaksjon var frå 1.1.66 Noel Cobb, Jan Erik Vold, Espen Haavardsholm, Paal-Helge Haugen, Tor Obrestad, Dag Solstad, Leif Stavik og Otto Homlung. Einar Økland kom inn etter nummer 3/66.

Kvifor var dette viktig for Olav H. Hauge? Profil-gruppa, som dei vart heitande, var unge, litteraturinteresserte menn. Fleire av dei hadde vorte refusert av ulike forlag, og fleire av dei ga ut sine første bøker midt på 1960-talet. Dei var i opposisjon til det rådande litteratursynet i Noreg, og dei har vorte sett på som representantar for den første skikkelege modernismen i Noreg [1]. Dei var heller ikkje redde for å seia kven dei likte og kven dei ikkje likte, og delte ut prisen ”Votten”. Den var, for å seia det slik, ingen heiderspris. Men dei unge mennene opna armane og var rause når dei fann noko eller nokon dei likte. Dei likte Olav H. Hauge.

Faktisk brukte Profil eit heilt nummer på lyrikk generelt og Hauge spesielt. ”Vi kjem også i dette nummeret med ein breid presentasjon av ein norsk diktar som synest å vere mykje mindre påakta enn han fortener, nemleg Olav H. Hauge. I ei årrekke har han stått for eit djupt og alltid uroande forfatterskap som hittil nådde sitt høgdepunkt i diktsamlinga På Ørnetuva i 1961, ei bok som han elles fekk Norsk kritikerlags pris for”, skriv Tor Obrestad i leiaren i dette nummeret. Det er òg Obrestad som skriv artikkelen med namnet ”Olav H. Hauge”. Men seinare er det Jan Erik Vold som har skrive mest om Hauge. Dei to brevveksla òg i mange år.

No kjem me til kjernen, og til lina som går tilbake til Solstad sin tekst om kaffikjelen. Det var nemleg kaffikjelar, eller meir presist dikt der tingen fekk vera ting, som gjorde at Vold, Økland og dei andre i Profil-gruppa trykte Hauge til brystet. I artikkelen ”Det går an å leve i hverdagen òg”, første gong prenta i tidsskriftet Samtiden i 1967, skriv Vold om Hauge og foholdet hans til tinga. I dei siste samlingane; På Ørnetuva og Dropar i austavind, finn han fleire dikt som viser at det er tinga som er underet. Spørsmålet er berre om det finst dikt som ein òg kan lesa på ein annan måte?

Ser ein på diktet ”Katten”, ser ein at dette rett og slett handlar om ein katt. Diktet har dessutan ei form som, dersom ein ser nøye etter, kan minna om ein katt.

 

Katten

sit i tunet

når du kjem.

Snakk litt med katten.

Det er han som er varast i garden.

 

Andre dikt kan ein nok òg lesa som berre eit bilete av tingen, men kanskje kan ein òg lesa noko meir inn i dei? Smak litt på desse:

 

Sleggja

Eg er berre

ei sleggje.

Eg stend her no.

Eg lyt berre til

når det røyner på.

 

Sagi

Skrap,

seier sagi.

Stød ved.

Ho segjer kva

ho tykkjer, sagi.

 

Ljåen

Eg er so gamal

at eg held meg til ljå.

Stilt syng han i graset,

og tankane kan gå.

Det gjer ikkje vondt heller,

segjer graset,

å falla for ljå.

Kan sleggja og saga vera bilete på personar? Kjempa i bygda som er litt utanfor, men som ein tyr til når ein ikkje har andre? Og personen som jobbar på, men som gjennom handlig får sagt kva han meiner likevel? Og kan eg-personen i ”ljåen” og seia noko om forholdet mellom den nye og gamle tida? Kanskje er det ein redsel for noko som skal koma, som ein ikkje veit noko om. Ordet ”heller” i tredje siste verselinje viser at det kan nok vera vondt å falla for noko anna. Dei skarpe slåmaskintennene, til dømes?

Seinare litteraturforskarar har peika på noko av dette. Ole Karlsen meiner at Jan Erik Vold tek føre seg berre ein liten del av Hauge si dikting og definerer ulvikjen ut i frå dette. Andre, som Jørgen Sejersted og Hadle Oftedal Andersen, er kritiske til at ein les Hauge sitt eige liv inn i dikta hans, og svenske Staffan Söderblom seier ein del om det som vart sett på som så eksotisk ved Hauge; han levde nesten åleine langt inni Hardanger. Kunne ein slik mann skriva slike dikt?

Det kunne han, og same kva ein meiner om profilistane si Hauge-lesing, kan ein ikkje sjå vekk frå at dei var viktige for kvarandre. Dei unge fekk Hauge til Oslo, ga han nye impulsar og brukte dikta hans i mange samanhengar. Hauge vart på si side ein mentor, som ikkje var redd for å seia i frå dersom han var usamd. Denne usemja vart gjerne uttrykt gjennom eit dikt, som det litt små-sarkastiske ”Gamal diktar prøver seg som modernist”.

 

Han med fekk hug å prøva

desse nye styltrone.

Han har kome seg opp,

og kliv varsamt som ein stork.

Underleg, so vidsynt han vart.

Han kan endåtil telja sauene til grannen.

 

Men Hauge var nok mest stolt. Følgjande skreiv han i dagboka si (17. oktober 1967) etter at Jan Erik Vold sin artikkel stod på trykk i Samtiden: ”Eg vart reint yvergjeven. Ein grundig skynsam artikkel”. Fire dagar seinare noterer han: ”Eg ser atter over Volds artikkel i Samtiden. Og vert stolt!”.

Notar

[1] Dette er eit syn som seinare er endra av mellom andre Idar Stegane, men det er ei anna soge.

Kjelder

Olav H. Hauge: Dikt i samling. 7. utgåve 2004.

Dag Solstad: ”Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger”. Frå Svingstol. 1967.

Jahn Thon: Tidsskriftets forståelsesformer. Profil og profilister 1959-1989. 1995.

Ole Karlsen: ”En sykkeltur gjennom Jan Erik Volds Olav H. Hauge-lesning”. Frå Karlsen: Jan Erik Vold og Jan Erik Vold. 2000.

Olav H. Hauge: Dagbok 1924-1994.

Jørgen Sejersted: ”Litteraturkritikk som hyrdedikting. Resepsjonen av Olav H. Hauge”. Frå Bjørby, Dvergsdal og Aarseth: Eit ord, ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. 2000.

Staffan Söderblom: Och jag var länge död. Läsningar av det ambivalenta: Olav H. Hauge. 2006.

Jan Erik Vold: Under Hauges ord. 2. utgåve 1996.

Profil nr 1 og 3 1966.

Bendik Wold: ”En gang profilist, alltid profilist”. Frå Morgenbladet 15.05.02.

Hadle Oftedal Andersen: Poetens andlet. Om lyrikaren Olav H. Hauge. 2002.

Hilde Kristin Strand: "Gamal diktar prøver seg som modernist? Om Olav H. Hauge og Profil-gruppa". Mastergrad i nordisk språk og litteratur, Universitetet i Bergen, 2007.

Foto

1. På toget undervegs til det første møtet med Rolf Jacobsen på Hamar, saman med Einar Økland og fleire andre unge forfattarar, mai 1973. (Foto: Jan Erik Vold)

2. Den yngre Dag Solstad

© Reaktor 2007