FRAMSIDA
JUBILEUMSÅRET
Enkel programoversikt
Kva skjer?
OLAV H. HAUGE
Artiklar
Biografi
Utgjevingar
Haugeordbok
Vekediktet
Til skuleungdommen
GEIRR TVEITT
Biografi
Artiklar
Musikk
Diskografi (opnar i nytt vindauge)
Lydopptak (opnar i nytt vindauge
Verkliste (Opnar i nytt vindauge)
BUTIKKEN (ikkje aktiv)
T-skjorter
Magnetpoesi
Buttons
Postkort
   


   
   
   
   

 

Hauge-entusiasten

 

Eit Hauge-dikt kan brukast i mang ein samanheng! Det meiner tidlegare forbundsleiar i Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar, Oddrun Remvik, som dei siste 15 åra har lese Hauge-dikt under kurs, møte og i sosiale samanhengar.

av Ida Habbestad, Mic Media

Eg vitjar Remvik i byrjinga av desember, heime i leiligheta hennar i Oslo. Frå sofaen har eg utsikt til dei to bok-kledde veggane i stova, dit Remvik går for å henta fram boka me no skal snakka om – Hauge sine Dikt i samling frå 1994.  

Remvik si utgåve er full av små lappar og merknader, tydeleg prega av bruk. Gjennom heile samtalen har ho boka i fanget, blar fram og attende, syner kva ho meiner ved å lesa opp små brotstykke av dikta. Alt medan ho fortel, om sine første møte med Hauge-dikt på gymnaset, om det meir tilfeldige forholdet til dikta etter dette, og om korleis ho gjenoppdaga forfattarskapen tidleg på 90-talet.

Eit viktig utgangspunkt var i 1992, då Remvik vart vald til forbundsleiar av Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Dei tre grupperingane hadde nyleg gått saman, og ved eit slikt høve var det bruk for gode formuleringar, fortel Remvik.

- På leiting etter store ord finn ein at der er folk som har sagt ting før oss – og som har sagt det så godt at me ikkje treng komma opp med orda på nytt. Ved samanslåinga av dei tre små profesjonsforbunda fann eg fram til Elvane møtest, og tenkte det kunne teikna eit godt bilete av situasjonen, seier Remvik og blar fram diktet i boka:

 

Elvane møtest frå kvart sitt fjell.

Grip kvarandre i hendene.

Blandar sin song og sitt blod.

 

Held fram einige, sterkare,

snåvar ikkje so lett i steinane:

Turskodd skal ingen vassa oss no!

 

- Det var jo dette me gjorde; me samla alle kreftene, og tenkte at turrskodd skal ingen vassa oss no! Til og med den nye logoen, med tre linjer som går inn i ein trekant og kjem ut parallelt, var nær dette diktet. Derfor kallar eg Elvene møtest for fagforeiningsdiktet hans, smiler Remvik.

Sidan har det vorte ein tradisjon for Remvik å finna fram eit Hauge-dikt som innleiing til talar og innlegg; anten det er i politiske samanhengar, kurs eller anna.

- Om det er gode dikt kjem eg raskare inn til kjernen i det eg vil seia i foredraget, påpeikar Remvik, og blar fram til diktet Ein greider meir enn ein trur. 

- Diktet handlar om ein som er ute og leiter etter sauene sine, som strevar og slit – og kjem att, ikkje berre med sauene men òg med fire harar! Tenk berre kva bilete dette diktet kan gje i eit kurs i forhandlingsteknikk; dette med å satsa stort og få til ting. Eller Skeiserenn, som handlar om å finna si eiga takt. I dag såg eg, er eitt anna:

 

I dag såg eg

tvo månar,

ein ny

og ein gamal.

Eg har stor tru på den nymånen.

Men det er vel den gamle.

 

- I organisasjonar diskuterer me ofte endringar. Det er viktig å satsa nytt, men samstundes halda fast ved det som er bra ved det gamle. Slik har eg brukt dette diktet i ulike samanhengar, seier Remvik.

Djup og kvardagsnær

Me forstår at dikta i seg sjølve fungerer som ein viktig døropnar til ulike tema for Remvik. Men kvifor vart det nettopp Hauge ho festa seg ved?

- Det viktigste er at han skriv god brukslyrikk, svarer Remvik. - Eg opplever at Hauge har eit perspektiv på livet som er djupt og kvardagsnært på same tid. Dikta hans er lette å læra og lette å forstå. Samstundes finn du stadig ny djupne kvar gong du les dei.

- Så er det òg viktig for meg at han skriv nynorsk. Eg er sjølv nynorskbrukar, og difor fell dikta hans lettare i munnen. I nokre dikt nyttar han ord som kan vera framande for folk flest, som ’ofsemod’ eller ’kvardagsbalet’. Eg likar å utfordra med slike litt vanskelege ord; og meiner det er viktig å ta vare på dei!

I 2001 fekk Remvik Sunnmøre Mållag sin pris for ”trufast bruk av nynorsk i skrift og tale i fagrørsla”. Den hyppige opplesinga av Hauge-dikt er ein sentral del av engasjementet; me reknar oss fram til omlag 360 opplesingar totalt; i regelen to dikt kvar månad gjennom 15 år.

Kva reaksjonar får du når du les dikta?

- Dei fleste reagerer positivt, og eg har ofte fått spørsmål etterpå frå folk som har ynskt å få dikta. Eg opplever at det er få menneske som kjenner til dikta hans, utover dikt som Det er den draumen eller Du var vinden, seier Remvik.

Slik sett er Remvik ein viktig formidlar av Hauge-dikta. Og framfor alt motivasjonen eit bruksaspekt; at diktet skal vera til hjelp for å belysa og setja ord på noko i kvardagen.

- Eg møtte aldri Hauge, og har angra på at eg aldri sende brev til han; eg hadde tenkt å utropa han til husdiktar for fellesorganisasjonen! Eg trur han ville likt bruksaspektet, nettopp fordi han hadde slik respekt for det kvardagslege. Ta berre eit dikt som Kvardag, der han skriv at ”det gjeng an å leva i kvardagen òg”. I det diktet finst heile breidda av livet, meiner eg – frå dei store stormane, til dei roar seg og ein står heime og steikjer flesk.

Dikta er i alle fall med Remvik i kvardagen, og på spørsmål om ho kjem til å halda fram med opplesingane, er svaret kontant:

- Det kjem eg sikkert. Der er mange ting som er uoppdaga i samlinga – og ikkje minst meiner eg me får mykje ut av å lesa dikt for kvarandre! Eg må nok etterkvart kjøpa meg ei ny bok, seier ho meir tankefullt, stryk over sidene i den gamle, slitne utgåva, og legg til:

- Men denne har eg ikkje hjarte til å kvitte meg med!

Foto

1. Oddrun Remvik (Foto: Knut Steen / Mic Media)

2. Hauge. Utsnitt frå større bilete, 1967 (Foto: Olav Vesaas / Ulvik lokalhistoriske arkiv)

3. Diktsamlinga til Oddrun Remvik (Foto: Knut Steen / Mic Media)

4. Diktsamlinga til Oddrun Remvik (Foto: Knut Steen / Mic Media)

Ida Habbestad

er konsertprodusent, utøvande fløytist og deltidstilsett journalist i Ballade. Saman med Hild Borchrevink er ho òg redaktør for Griegjubileet sine heimesider, www.grieg07.no.

idahabbestad (at) mac.com

Her kunne du få vita kva som skjedde kver einaste dag i jubileumsåret. For ein oversikt over programmet, sjå den enkle programoversikta.
Her presenterte vi små faktabiter om Hauge og Tveitt.

Her publiserte vi kvar veke eit dikt av Olav H. Hauge.
Sjå liste over dikta.

© Reaktor 2007